fredag 28. februar 2014

Tur til Flatneset

No er det jammen helg igjen... Kor blir tida av...
Sist lørdag blei eg og Mac med på tur med Monica og Sander. Turen gjekk til kanona på Flatneset. Det blei ein våt og kald tur. Men hyggelig var det.

Etterpå hadde vi ei koselig pause med kakao og kjeks, men det blei ei kort pause. Trur vi alle fraus... Det var jammen godt å komme seg i bilen og heim. Det tok ei stund før eg fekk varmen i meg att...

På vei til bilen måtte Sander ha ein liten "pust i bakken" ;)
Ønsker alle ein fortsatt fin fredag og god helg :) Takk for titten

fredag 7. februar 2014

Hobbydag

Her for ei stund siden hadde eg og Monica vår første hobbydag for året. Vi er begynt å skal utfordre kverandre og. Denne gangen skulle vi lage kort av restepapir og hjelpe land, det blir visst ein del restepapir i løpet av ett scrappeår... ;)
Monica lagde påskekort, mens eg heiv meg på julekort ;)
Her er mitt restepapir julekort, huska ikkje kor mønsterarka er ifrå... Ideen om å lage eit slikt kort kom herifra :)
Framsida
Innsida
Elles så fekk eg laga meg ei albumside frå Tyrkia turen vi hadde i oktober.
Dette bilde er fra Pamukkale.

På denne albumsida har eg brukt:
Kartong: Bazzill-Vanilje
Mønsterark: Pebbles-Jacob, Love you more. Echo Park-Adventurer,
Papirdesign-Vintertid, Elle`s Studio-High Five
Annet: Alfabet: Doodlebug design-Jack & Jill(Grønt) og Tim Holtz-Label Letters. Charm, tau (veit eg ikkje kor er ifrå..), Vimpel dies-La La Land

Vi hadde ein koselig dag. Som det alltid er på hobbydagane våre. No er det berre å glede seg til neste hobbydag, som alt er imorra :)

Ønsker alle ein fortsatt fin fredagskveld og ei god helg, tusen takk for titten :)



søndag 2. februar 2014

Gapahuken, Uførefjellet og Hovlandstøylen

Hmm eg skulle prøve å bli flinkare å blogge no i år... Men tida strekker visst ikkje alltid til eller det er vel eg som ikkje klarer å planlegge så godt... Men i veke 1 hadde eg og Mac to fine turer. Første turen gjekk til Gapahuken, og det er ikkje masse som hentyder til at vi er i ein vintermnd... Beklager dårlige bilder...
På vei opp :)
Min gode og snille turvenn Mac :)


Appelsin kalender :)
Når eg så appelsina med nellikspiker, kom eg til å tenke på Skomakergata, Jens Petrus og Tøfflus som trakk ein nellikspiker for kver dag fram til julafta ♥ Jepp eg er visst begynt å bli gamal... Men dette var min julekalender på Barne-Tv :)
På vei nedatt :)

Så nokre daga seinare tok vi turen til Uførefjellet. Godt å komme litt igang etter at det er lenge sidan vi har fått gått skikkelige ture pga skader og vondter her og der på matmora... Men 2014 må jo berre bli bedre :)

Mac poserer noko motvillig ;)

Nydelig utsikt
Veka etterpå tok vi turen til Hovlandstøylen. Flott tur det og :) Når ein kjem opp hit er det mange ruter ein kan gå.
Veldig fint på Hovlandstøylen

Mac er fornøyd

På vei nedatt, Mac er mindre fornøyd...
Veldig bra merking :)
No håpa eg på snø, så eg kan få prøve skia eg har kjøpt meg... Men kanskje like greit at det ikkje kjem snø, sidan det er år og dag sidan eg har gått på ski... Og så klønete som eg er til tider kan eg jo forstille meg ka som kan skje når eg får ski på beina... Eg som innimellom har problemer med å gå på fjellet uten knall og fall... ;)

No er denne helga snart over og vi er begynt på februar... Ønsker alle ein fortsatt fin søndag og takk for titten :)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...