onsdag 29. juli 2015

Hovlandstøylen og Nipevatnet

Igår var det fridag og jammen hadde vi ein flott dag med sol :) Eg og Mac tok oss like så godt ein fjelltur. Det var lenge sidan eg hadde vore til Nipevatnet og fant ut at dette fekk bli turmålet denne gangen :)

Turen starta ved rasteplassen i Eikefjorden og første etappe var Hovlandstøylen, og jammen var det varmt opp bakkane ;)
Vi hadde eit lite stopp på Hovlandstøylen, før vi satte begynte vandringa mot Nipevatnet. Fantastisk flott på Hovlandstøylen :)
Så gjekk turen opp mot Nipevatnet. Litt bilder måtte eg jo ta og Mac måtte ha litt avkjøling i elva...

 Her hadde vi ei lita pause før vi gjekk vidare:)
Skjønningen min
Åååå lykke for Mac, det er fremdeles litt snø att, det klager ikkje Mac på. Og heilt sikkert godt med avkjøling i varmen :)
Deilig

Så kom vi oss opp til Nipevatnet (702 m.o.h), er veldig fint der og her kan man gå videre til forskjellige plasser. Her blei det ei matpause og eg satt berre og kosa meg i sola. Herlig
Mac kosa seg med bading, eg lurte på om eg skulle ha hoppa uti sjøl, men pyse som eg er, fant ut at det var best å holde seg på land. Snøen låg jo der... Og det var kaldt når Mac rista seg på meg, så det blei nok bading for meg ;)
Herlige sommerdag

Elska å bade

Herlig plass
Her går man til Blånipa, såg det var fotspor i snøen, lurte litt på turen sjølv, men denne dagen blei det med Nipevatnet. 
Merka til Blånipa
Så var det å begynne på nedoverturen. Og nok ein fantastisk dag i fjellet går mot slutten :) Håper på mange slike dager framover, med sol og fint vêr :)
På vei nedatt til Hovlandstøylen

Takker for titten og ønsker alle ein flott dag. No er det vel berre å begynne å gjere seg klar for to netter :)

torsdag 23. juli 2015

Sommer, sol og fjelltid

I år hadde eg tidlig ferie og eg håpte jo at sola kunne komme fram innimellom... Og når den endelig fant ut at den ville skinne over Florø, ja då måtte jo eg og hunden ta oss ein fjelltur. Denne gange blei det Terdalskeipen. Denne turen er med på Turtrimmen 2015 til Flora Kommune.
Fantastisk flott dag, varmt og godt :) Herlig med sol...

 Nydelig dag i fjellet, her kan man finne roen og nyte stillheten.

Nærma oss toppen. No er det lett å finne fram, godt merka :) Sjøl om eg alltid rota meg vekk frå stien når eg skal nedover att... Mac synst nok eg er heilt håplaus, og blir jo hoppande gla når han finner stien igjen, og kan få oss på rett vei att :)
Mac finner visst roen i fjellet og. Kanskje han er litt sliten, hvertfall for ein bitteliten periode...

Herlig utsikt

Fjellselfie må jo til, og jammen klarte eg det før Mac angreip meg med sleiking ;)


Det var litt snø der enda og Mac var jo i himmelen han då. Kan ikkje bli bedre for han her karen, fjelltur, bading og avkjøling i snøen :)
Kos i snøen

Bading må og til på ein fjelltur
Takk for fin tur Mac, kunne ikkje fått ein bedre turkompis enn deg ♥ Ha ein fantastisk dag og hjertelig takk for titten :)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...