fredag 25. januar 2013

Min kjære prøver seg på brødbaking

Her om dagen sa han at han ville prøve å bake brød. Jøss tenkte eg, og idag var visst dagen :) Tidlig idagtidlig begynte han, litt over kl 05... Så idag blei det jammen meg nybaka brød til frukost. Det er jammen lenge sidan eg har ete heimelaga brød. Og vi var no litt spent sidan det var det første grovbrødet han skulle lage på lang tid. Men det smakte jo himmelsk godt altså. Så no er det ikkje berre ein flink kokk eg har, eg har jammen meg fått ein flink baker og :)
Snart blir det til 2 brød
To gode brød :)
John har all grunn til og vere stolt og eg er jammen stolt av han og, eg hadde aldri trudd eg kom til å få heimelaga brød :) Så dette håper eg han vil fortsette med :)
Og det smakte nydelig godt, med brunost og kakao :)
Brunost må vere på rykande ferskt brød ;)
Mac hadde og lyst å smake :) Og lurte ofte på om det ikkje snart var hans tur til å få litt ;)
Hallo eg og er her! Eg og vil ha...
No er det lenge sidan eg blogga sist, men det er ikkje så mykje nytt på denne fronten. Lite tid til hobby er det og.

Vi hadde ei fin jul og eg hadde fri og fekk masse tid heime. Vi kosa oss ilag med familien på julafta :)
Pynta og klart for julemiddagen :)
Elles så var eg og ei venninne på Hovlandstøylen den 13 januar, kjempefin tur i nydelig vêr, sjølv om det var litt kaldt :)
Iskunst :)
Mac kosa seg på tur

Håpa alle får ei flott helg, her er det delfinale i MGP på lørdag og jobbehelg. I år skal eg ikkje opp og sjå, har hatt jobbehelg kvert år det er blitt arrangert no, og vore og sett det kver gong. Men i år skal eg få det med meg på TV`en :)
Takk for titten :)









Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...