mandag 5. september 2011

Hyttetur :)

I helga var eg og ei venninne på hyttetur til Jølster, vi hadde ett mål med turen få lage ein del kort og så klart slappe av og kose oss. Bilen blei nedlasta med hobbyutstyr (skulle tru vi skulle vere vekke veldig lenge) og to "happy" damer kjørte avgårde.
I Førde blei det eit lite stopp for handling av mat, snop og litt hobbyutstyr. Og vi tok oss ein matbit på Peppes pizza. Så satte vi turen videre til Jølster, når vi endelig kom fram blei bilen tømt og vi håpte ingen såg oss... Veiret var og heilt perfekt for ei hobbyhelg, det regna heile helga :)
Grunnen til at vi håpte ingen såg oss ;)

Sjøl om vi hadde masse med oss, hadde vi jo såklart glømt nokre ting... Spisebord blei omgjort til hobbybord på en-to-tre og stoler og golv blei tatt i bruk. Det blei meir og meir kaos rundt oss, men uansett hadde vi det veldig kjekt :)



Eg fekk laga nokre julekort og nokre bursdagskort. Skal legge ut julekorta eg lagde, men bursdagskort får vente litt til ;) Men måtte hente hjelp og inspirasjon frå Ett Trykk...


Dette er eit Criss-crosskort, veldig lenge sidan eg har lagd denne type kort. På dette kortet har eg brukt:
Bazzill: Kvit
Mønsterpapir: Melissa Frances "Frosty"
Stempel: Snømann er fraWipper Snapper Designs, tekststempel er eg usikker på
Annet: Perlestreng frå Kuttut og halvperler, eyelets,blomst, blonde, QuicKutz: Snowflake
Kantane er "rufsa" til og sverta med Distress Ink -Walnut stain
Handtak har eg laga med Word window punch

Dette kortet henta eg inspirasjon fra Ett Trykk. På dette kortet har eg brukt:
Bazzill: Vanilje
Mønsterark: Ladybug & Friends: Julefryd - Tradisjon og Papirdesign: Askeladd
Stempel: Kreativ Hobby designe- Vintage jul, tekststempel ereg usikker på
Annet: Martha Stewart-Lace Heart edge punch og branch punch, små halvperler, blomster, blonde, spellbinders-Label eleven
Kantane er rufsa og sverta med Distress Ink-Walnut stain

Helga gjekk fort og plutselig var det søndag og tid for å rydde og vaske og sette nasa mot Florø att. Eg kunne gjerne ha vore der lengre og håper det ikkje blir lenge til neste hyttetur ;)

Den flotte hytta :)
Utsikta frå hytta
Men såklart det var jo godt å komme heim og. Men må få sei tusen takk til Snuppa for ei superduper helg :)
Ønsker alle ein flott mandag :)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...