mandag 23. juli 2012

Hovlandstøylen (475 moh) og Kvalvikstøylen (410 moh)

Idag bestemte eg meg for å gå på Kvalvikstøylen og Hovlandstøylen, Kvalvikstøylen har eg ikkje gått til før. Det var til og med opplett når eg bestemte meg for å ta turen, og det var ikkje mykje regn eg og Mac fekk på oss heller....
På vei til Hovlandstøylen

Hovlandstøylen



Vi gjekk først opp på Hovlandstøylen og Mac måtte ha seg ei lita drikkepause :) Så gjekk vi nedatt til eit lite stykke til vi kom til eit skilt som stod Teinene og Kvalvikstøylen på. Då var det ikkje så vanskelig å vite kor vi måtte gå, men eg er ikkje så happy over å sjå kyr på min vei og såklart når vi skulle gå inn på veien, låg dei i grøfta der og såg på oss. Så då var det å finne ein anna vei slik at eg slapp å gå forbi dei...
Heldigvis slapp eg å gå forbi kua...Kua ser på oss, men denne såg no faktisk snill ut...


Kvalvikstøylen


Eg leita og leita etter boka vi skulle skrive namnet vårt i, eg fant inga bok... Hmm kor kan den vere, så huska eg at eg såg kor den blei funnet på ein blogg og fram med mobilen og finne fram.... Jaja eg fant den no til slutt, men absolutt ikkje der eg forventa og finne den :) Men måtte fortsette på veien og gå gjennom ei grind.
Her nærma vi oss

Sjå ka vi fant

Klarer ikkje å gjømme seg...

Slett ikkje lett og finne...

Grinda vi måtte gå gjennom...







Så fekk eg no skrevet namnet i boka, dette er ein av turane til Turboktrimmen 2012 til Flora Kommune. No var det å rusle nedatt til bilen. Det å gå til Kvalvikstøylen frå Teinene var ein lett tur

 Mac er ikkje alltid like fornøyd med at eg skal ta så masse bilder, ser ikkje så fornøyd ut her...

 Her kan ein også gå over visst det ikkje er så mykje vatn, vi måtte bruke brua...


 Mac måtte jo såklart bjeffe på desse stakkars kyrene, og dei var ikkje på veien vi skulle gå. Men etter bråket til Mac, begynte dei og bevege seg og gjekk bort på veien som vi skulle gå ned. Og etter eit uheldig møte med ei ku i fjor, så er eg litt redd dei... Så vi blei ståande og kikke på kverandre... Men til slutt begynte dei og bevege på seg og eg og Mac kunne forstette turen nedover
Mac i gapahuken

Ikkje heilt fornøyd...



Eikefjorden
No nærma det seg ferie og for meg, berre 4 vakter att :) Det skal jammen meg bli godt. Ha ein fortsatt fin mandag. Og takk for at dere tok ein titt


søndag 15. juli 2012

Hobbydag og søndagstur :)

Igår fekk eg og Monica endelig til ein hobbydag att :) Den var vel ikkje veldig produktiv, men vi fekk no laga eit kort og albumside :)
Måtte jo ta bilde av bordet kordan det såg ut før vi begynte
Ryddig og fint ;)
Hobbydagen er starta
 Då er vi komt igang og det er full konsentrasjon. Og bordet er ikkje like ryddig lengre ;) Men det skal det jo ikkje vere når ein driv på med scrapping ;)
Koser seg :)

Ein hyggelig dag og vi er alt begynt å glede oss til Bikuben tur i begynnelsen av august :) Så skal vi jo prøve å få til hobbyhelg att :) Masse å sjå fram til :)

Dagen idag fant vi ut at vi skulle ta oss ein biltur og vi endte opp på Astruptunet i Jølster, eg har aldri vore der. Dette er heimen til kunstnaren Nikolai Astrup, og vi fekk omvisning rundt i husa der :) Kjekk og koselig søndagstur det. Og vi avslutta turen på "Kinaen" i Førde :)
Søndagsturen vår
Inne i eit av husa til Nikolai Astrup
Her budde det ein liten familie på to voksne og to barn...


God dag god dag, John fant seg ein "kompis" ;)



Ein fin dag, med god mat på Kinaresturanten i Førde :)
Nam nam, detter har eg venta på lenge :)


Håper alle har hatt ein flott søndag og takk for titten :)

onsdag 11. juli 2012

Bursdag

På mandag hadde eg visst bursdag, og hadde ein flott dag. Kunne ikkje fått ein bedre dag :) Eg var på jobb og under lunsjen fekk eg servert is, peanøtter, nonstop og banan, nydelig godt ;) og fekk ein flott uteblomst med krukke av mine herlige kollegaer :)
Fekk tom avspasere litt på dagen min. Når eg kom heim fekk eg ein skikkelig bursdagsvelkomst av Mac. Han er alltid så glad når eg endelig kjem heimatt :)
Fekk mykje fint, skal ikkje klage på denne dagen... Fekk tallerken, suppeskål, glas i serien eg/vi samla på, gavekort, nydelig blomst, blomsterstativ, bamse, dørstopper av tre, forma som eit hjerte,



Fekk ein nydelig blomsteroppsats av min kjære, den var jo kjempelekker. Så kjem han med eit flott blomsterstativ som skal vere ute. Ballonger fekk eg og ;) Som Mac likte best ;)

Ver så snill kan eg få en ballong?
Eg tar den, gidder ikkje å vente lengre...

Pang sa det :)
Mac elska å leike med ballonger og spesielt å smelle dei ;) Så dei varte ikkje så lenge :)
Eg blåste såpebobler til Mac dette var visst nokre artige greier :)


Skal du ikkje blåse meir bobler til meg??


Her er stativet eg fekk, hadde nokre blomstra til overs som eg putta oppi :)

Mac er ikkje fornøyd med å bli tvungen å sitte for å ta bilde av...
Så blei det pizza til kveldskosen, nydelig godt :)
Hadde ein koselig kveld og til helga blir det hobbydag, det skal bli kjekt :) Håper eg får laga litt kort eller albumsider då :) Ha ein flott onsdagskveld og takk for titten :)



onsdag 4. juli 2012

Halbrendsnipa (801moh)

Idag kom eg og Mac oss endelig på fjelltur att. Idag gjekk vi ilag med ei på jobben min. Vi hadde ein flott tur. Det var litt gjørmete, men pytt pytt, turen var kjempefin :) Vi parkerte ved Reset og gjekk derifrå :)
Det er første gangen eg gjekk her, så var litt spent. Forma mi var aldeles ikkje på topp, så det er visst berre å komme seg meir i fjellet ;) Men kan gjerne gjenta denne turen :) Målet får vere å komme seg opp på alle byfjella i Førde ;)
Vi går og vi går :)
Hafstadfjellet :)


Mac e veldig fornøyd med at vi kom oss på fjellet att :)

Vi er komt opp :)

Utsikta ned til Førde :)

Mac fant seg ein snøflekk og måtte jo kose seg litt med den ;)
Når vi kom opp blei det ei lita matpause og få i oss litt drikke. Mac klarte til og med og lure til seg litt mat frå Vigdis ;) Det er ikkje alltid like lett å motstå desse augene hans...

Flott utsikt :)

Du og disse bilda...

Kanskje litt sliten ???
Nei det skal vel meir til for å sliten han ut, han var hvertfall ikkje sliten når vi kom til vetrinæren for å få vaksina si...
Takk for ein kjempeflott tur :) Og takk for titten, ønska alle ein riktig så flott torsdag :)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...