fredag 29. mars 2013

Påskefri :)

Då er det jammen påskefri for meg og, det må vere mange år sidan eg har hatt fri så og sei heile påska... Og påskeharen har vore på besøk til meg og alt :) Jammen er eg heldig. Tusen takk gode Snuppa :)

Her om dagen gjorde eg eit lite forsøk på å pynte litt til påske, må jo sjå at det er påske her i leiligheta og ;)

Påskeharen Monica har laga flott påskeggeeske til meg, med masse godt oppi :)
Ikkje så mykje påskepynt her hos oss...
Må jo pynte litt ute og :)
Ønsker alle ei riktig god påske :) Her er det eit nydelig påskevêr, ikkje så ille å ha påskefri då :) Takk for titten, og ha ein fortsatt fin langfredag :)


torsdag 21. mars 2013

Uførefjellet

Idag tok eg og Mac oss ein liten fjelltur, trur Mac syntes det var godt å komme seg på ein skikkelig tur. Han er hvertfall veldig rolig akkurat no. Noko han ikkje har vore i dei siste dagane, nabohunden har løpetid og Mac er ganske så yr av seg.... Hjelpes... Men fjelltur har visst tatt knekken på det ;)

Det var ein flott tur idag, sol og snø, kan ikkje få det bedre då :)



Vi nærma oss toppen ;) Og flott utsikt :)
Mac måtte tåle at  det blei tatt litt bilder av han ;)

Mac blir fort utålmodig og vi kan ikkje stå lenge i ro, før han blir lei ;) Så då er det berre og begynne å gå nedover...
Kosa oss i flott vêr :)
Sliten og trøtt Mac, har funnet roen i sofaen ;)
Sukk freden og roen varte visst ikkje så lenge... No er Mac igang med "damejakten" igjen... Då er han tålmodig då, set utafor i fleire tima og piper ;) Men då får vel eg begynne å gjere noko fornuftig, snarte er det berre 1 mnd til eksamen.... Hjelpe og trøste...

Ha ein flott torsdag, og takk til dere som tar ein titt her på bloggen :)








tirsdag 19. mars 2013

Albumsider :)

Då er jammen jobbehelga over og eg kan nyte nesten 1 veke fri. Det skal bli deilig og vêret ser ut som skal bli nydelig og :) Men friperioden er allerede fullbooka ;) Det går over all forventning å jobbe natt, bedre enn eg hadde trudd. Sjølv om eg er litt trøtt idag etter berre nokre tima søvn ;)

Då er det på tide å legge ut albumsidene eg lagde for ei god stund sidan, desse blei laga når eg og Monica var på hobbyhyttetur :) Elles er det ei tørke på hobbyfronten, men håpa det snur ganske så snart...

Kos i snøen :)

Ein av dei første dagane til Mac i sin nye heim :)
Eg huska dessverre ikkje kas ark eg har brukt lengre... Takk for titten. Håper alle får ein fin dag :)





søndag 3. mars 2013

Vårrulla

Då er det søndag og helga går mot slutten og det nærma seg veldig til eg skal begynne å gå nattevakter.... Skrekk og gru, håper eg vil trivast....
Idag håpa eg på ein effektiv dag, må lage eit babykort, gjere ein del eksamensoppgaver og ikkje minst rydde og tur med Mac :)
Helga har vore ei kjempefin helg, lenge sidan sist den har vore så fin. Igår lagde vi jo vårrulla for første gang, med god hjelp av ein kompis av John. Det var ikkje så vanskelig som eg trudde, men å få laus den pastrydeiga var ikkje så lett... Men så slapp eg unna all skjæringa då, eg og Mac sneik oss ut på ein tur og kom heim til det gøye ;) Nemlig å ta bilde ;)
Vi venter alle på noko godt ;)
Så måtte vi rulle, vi fekk ca 30 vårrulla :)
Masse fyll hadde vi i :)



Vi hadde ein del fyll i vårrullane, men du og du kor godt det var :) Så nærma det seg ferdig resultat :)

Vi lagde heimelaga pommes frites :)
Klare for eting ;)
Dei smakte veldig godt, sjølv om vi brukte feil nudler ;) Vi skulle ha noko som heiter glasnudler og kjøpte eggnudler vi ;) Oppskrifta fant vi her :) Nei no må eg fortsette å sjå skiskytting :) Ha ein fin søndag og takk for titten :)

lørdag 23. februar 2013

Oreokake :)

Då er det jammen helg att, denne helga skal eg berre slappe av. Igår var det siste tidligvakta mi på jobben på ei stund, så då måtte eg jo lage ei kake. Det blei ei lett og kjapp ei, nemlig oreokake. Tok ikkje lange tida og lage og oppskrifta fant eg HER :) Det blei jo skikkelig fredagskos, to kaker og is og peanøtter og nonstop... Og vi skulle jobbe litt meir den dagen ;)

Det virka som kaka falt i smak, var jo litt spent sidan eg aldri har laga den eller smakt denne kaka før...
Då var det berre å sette igang og lure på korleis dette kom til å sjå ut ;) Og slik blei resultatet...
Oreokaka
Den var ikkje så verst på smak, men kan ikkje ete mykje av  denne kaka. Den var ganske mektig.

Elles så fekk Mac seg litt fredagskos og når eg kom heim frå jobb, han koste seg han :)

Idag er det eit nydelig vêr ute og eg og Mac burde komt oss ut ein tur og kosa oss. Takk for titten og ha ei fin helg :)


fredag 15. februar 2013

Nattarbeid...

Jada her finner vi ut at vi skal bake midt på natta, nesten hvertfall... Men det er vel på tide og begynne å øve seg litt. Sidan det ikkje er så lenge til eg starter i ny jobb som nattevakt...

Fant ut eg skulle prøve å bake kanelsnurra og bringebærsnurra og oppskrifta fant eg HER. Såg gode ut, så desse måtte prøvast :)

Hobby elles er det blitt lita tid til, har så masse anna som må gjerast. Blir så imponert over dei som har energi til så masse. Men den kommer nok snart til meg og ;)

Eg og Monica har jo hatt ein fin tur til Hovlandstøylen og Kvalvikstøylen på søndag. Då kan dokke trur Mac kosa seg. Fekk rulla seg i snøen
Snømannen Mac :)
Litt kos må til
Kjekt å hjelpe "matmora" litt ;)

Mac har fått auge på noko...
Herlig dag i sol og snø :)
Så er det jammen helg igjen og jobbing. Tenk at det er siste helga mi i Førde på ei stund. Spennande og skulle begynne i ny jobb og sleppe pendling kver dag :)

Det var nå kjekt å bake, og no drømmer eg om å kunne kjøpe meg ei kjøkkenmaskin ein vakker dag. Det hadde jo vore mykje lettare enn å bruke hendene, men heldigvis så var no dette ei lita deig :)

Hehe kanelsnurrane og bringebærsnurrane blei no litt rare, men er ikkje ofte eg baker... Men dei blei visst godkjent av min kjære, så då får dei no heller sjå litt rare ut ;)

Nokon var og forsynte seg før eg fekk tatt bilde...

Bringebærsnurra :)
Då ønska eg dokke ei riktig så god helg. No får eg gå ein tur med hunden før det er seinvakt :) Takk for titten :)

fredag 25. januar 2013

Min kjære prøver seg på brødbaking

Her om dagen sa han at han ville prøve å bake brød. Jøss tenkte eg, og idag var visst dagen :) Tidlig idagtidlig begynte han, litt over kl 05... Så idag blei det jammen meg nybaka brød til frukost. Det er jammen lenge sidan eg har ete heimelaga brød. Og vi var no litt spent sidan det var det første grovbrødet han skulle lage på lang tid. Men det smakte jo himmelsk godt altså. Så no er det ikkje berre ein flink kokk eg har, eg har jammen meg fått ein flink baker og :)
Snart blir det til 2 brød
To gode brød :)
John har all grunn til og vere stolt og eg er jammen stolt av han og, eg hadde aldri trudd eg kom til å få heimelaga brød :) Så dette håper eg han vil fortsette med :)
Og det smakte nydelig godt, med brunost og kakao :)
Brunost må vere på rykande ferskt brød ;)
Mac hadde og lyst å smake :) Og lurte ofte på om det ikkje snart var hans tur til å få litt ;)
Hallo eg og er her! Eg og vil ha...
No er det lenge sidan eg blogga sist, men det er ikkje så mykje nytt på denne fronten. Lite tid til hobby er det og.

Vi hadde ei fin jul og eg hadde fri og fekk masse tid heime. Vi kosa oss ilag med familien på julafta :)
Pynta og klart for julemiddagen :)
Elles så var eg og ei venninne på Hovlandstøylen den 13 januar, kjempefin tur i nydelig vêr, sjølv om det var litt kaldt :)
Iskunst :)
Mac kosa seg på tur

Håpa alle får ei flott helg, her er det delfinale i MGP på lørdag og jobbehelg. I år skal eg ikkje opp og sjå, har hatt jobbehelg kvert år det er blitt arrangert no, og vore og sett det kver gong. Men i år skal eg få det med meg på TV`en :)
Takk for titten :)









Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...