fredag 10. januar 2014

Tilbakeblikk på 2013

Så er 2013 over og vi har eit nytt år. Kor 2013 blei av skjønner eg ikkje heilt... Men no er vi begynt på 2014 og mulighetane for å starte med blanke ark er her :)
 

2013 har gått med til studier,hospitering,eksamen, ferdig med studie, fjelltura, scrapping, strikking, hekling, litt ferie og bytting av jobb ;) Men året har og bydd på ein del utfordringa, positive som negative... Eg håpa at eg skal få gå meir i fjellet no i år 2014. Har mange toppa eg vil utforske ;)

I slutten av april var det eksamen i Akuttsjukepleie og ei ventetid for å finne ut om man klarte eksamen eller ikkje. Men heldigvis når resultatet kom, kunne eg endelig sei: JIPPI eg er ferdig med dette studiet og ;) No kan eg endelig få gjere det eg har lyst til... Vel uten å forstå dette heilt, eg fekk ikkje bedre tid fordiom eg var ferdig med skulen... Det må jo berre bety at eg må bli flinkere til å planlegge ;)

Så blei det jammen litt ferietid, denne gangen blei det to bolker. En på sommeren og ein i oktober. Sommerferien hadde vi heime og i Sverige. Denne gangen holdt vi oss på ein plass Uddevalla og Unda Camping. Der har vi vore før og trives godt der. Bilder frå denne turen kan du sjå her: Sverigetur

Så i oktober blei det Tyrkiatur på oss... Det var ein kald fornøyelse. Vi holdt oss litt opp i høyden, og eine natta hadde det vore minusgrader... Då lurte eg på ka vi hadde rota oss borti. Det var ingen varme på dagtid heller og eg måtte gå til innkjøp av ei strikkajakke....
Litt bilder frå Tyrkiaturen :)
 



 


 

 Det eg huska best frå 2013 er nok turen eg og Mac hadde til Besseggen. Mange som sa at det var galskap og ta med seg hund opp der. Og ei dame sa det rett ut til meg når eg begynte på turen, dette er ingen tur for ein hund. Men du har vel gått turen før sidan du har med deg hund... Ja ka svarte eg då "Nei dette er min første gang her, eg har aldri gått her..." Ho berre rista på haue... Følte meg nesten som ein dårlig hundeeigar. Men Mac han kom seg opp og ned uten problemer. Mac er ein tøffing han ♥ Og ikkje minst fjellgeit ;)  Og han var faktisk sliten meir enn 30 minutter når vi kom nedatt til hytta ;) Her kan du lese meir om Besseggen ture vår : Besseggen


Høsten kom og Mac og eg fekk oss nokre fine tura då og :)
 







Så kom jula og eg berre jobba... Dette var ei rar jul... Men litt julefeiring fekk eg no. Og som alltid fekk eg altfor masse gaver og flotte gaver....


 

 Vil ønske alle eit fantastisk 2014 :) Og tusen takk for titten :)


søndag 15. desember 2013

Strikkapute

Då har eg prøvd å strikke meg eit putetrekk. Tjukke pinna og dobbel tråd, då tek det ikkje lange tida å strikke slikt. Utfordringa er jo at mine strikkeferdigheter ikkje er noko å skryte av. Men då er det jammen bra at internett fins med sine flotte instruksjonsvideoa. Eg har brukt drops sine ein del og det hjelper jammen på... Her  lærte eg korleis eg skulle strikke fletter, og det var jo ikkje så vanskelig jo :)
Igår fekk eg tak i innerputa til denne og eg kunne endelig få den heilt ferdig :) Litt dårlig bilde av den ferdige puta... Men jammen kom det litt sol ute idag :)
Denne puta har låge sidan sommeren 2012, så det var godt å bli ferdig med den. Eg fant oppskrifta i PT design interiør. Litt små feil er det på puta, men men, får skylde på min uerfarenhet... ;) Toppen og bunnen er heklet sammen med kjedemasker.

Takk for titten og ha ein fin 3. søndag i advent :)




lørdag 14. desember 2013

Vridd hals

Så har eg endelig prøvd meg på ein vridd hals... Var ikkje så vanskelig når eg kom inn i det. Og det gjekk ganske fort...
Einaste problemet er at eg feller av altfor stramt, dette må eg huske til neste prosjekt..
Sidan eg ikkje hadde nokon å ta bilde av når eg var ferdig med halsen, måtte Mac vere modellen. Veit ikkje om han var heilt fornøyd med det. Men etter tirsdagen følte eg at han skylte meg dette her altså ;) Og kanskje han tenkte det sjøl og, han gjorde ingen motstand og gjorde som matmor sa ;)
Hehe er sikkert like greit at han ikkje kan gå inn på bloggen og lese, då hadde han nok ikkje vore fornøyd med meg her...
Oppskrifta fant eg her hos pickles og brukte dette garnet abuelita-tjukk-merino. Halsen blei strikka på pinne 9, det skulle egentlig vere pinne nr 10. Vil nok bruke pinne 10 på neste hals. Men sjølv om eg brukte feil størrelse på pinnen, blei halsen mjuk og god :)

Ha ein fin lørdag og takk for titten :)

 

fredag 13. desember 2013

Litt forskjellig...

Sidan eg ikkje klarer så masse anna så kan eg jo prøve å blogge litt :) No nærma det seg helg og tida fyker avgårde... Det nærma seg fort jul no :)
Forrige helg var det 2 søndag i advent.
Og sist helg hadde vi jo fått snø og det blei skikkelig julestemning ute :)
Mac koste seg veldig og såg helst at snøen kunne bli liggande lenge...

Det var nydelig å kunne gå tur uten å kle på seg regntøy :)
Skikkelig julestemning blei det med lyktene tent ute og snøen daler ned. Dumt at regnet kom på søndagen...
Litt baking har det og blitt, denne gangen var det sjakkruter og eg prøvde ei ny oppskrift. John likte visst desse bedre enn dei som blei laga ifjor... Fant oppskrifta her på gode sjakkruter...

Det tok litt tid å lage, men det gjere jo ingenting når det faller ismak :)
Eg er ingen bakemster, så litt rare blei dei no sjåande ut... Før dei gjekk i ovnen...
Og her gjelder det å passe på, dei blir fort brent... Eg har gjømt dei som blei mest brune underst ;)

Dette var litt av mi veke. Ønsker alle ei god helg og takk for titten :)



tirsdag 3. desember 2013

Advent

 På søndag var det 1. advent og 1. desember. Kan ikkje heilt forstå at vi er begynt på desember alt...
Og vi kunne tenne det første lyset :)
Et lys skal brenne for denne lille jord.
Den blanke himmelstjerne, der vi alle bor.
Må alle dele håpet så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes. Et lys er tent for det.

Eg synst dette er ei fin tid og det er så koselig når stjerenen er komt i vinduene. Og eg kan gå rundt og pynt til jul ♥
Denne hjertlykta var så nydelig, så den måtte eg berre ha. Denne passa jo heilt perfekt i stua mi (eller vår) :) Var og fekk handla litt blomster og den nydelige blomsterpotta kjøpte mi gode og snille svigermor til meg ♥ Den passa jo perfekt inn ilag med lykta...

Litt baking har det og blitt. Cookies med sjokoladebiter og peanøtter... Desse må eg nok lage litt meir av, ikkje rart det blei anbefalt å dobble oppskrifta...

Vel då ønsker eg alle ein fortsatt fin kveld og tusen takk for titten :)

mandag 2. desember 2013

Førjulskos :)

På onsdag som var hadde eg og Monica hobbydag og på kvelden var vi på scrappetreff på Bokuben i Førde. Alltid kos å komme ilag med likesinna :)
På torsdagen var eg ilag med Monica og Sander og hadde bakedag. Det var veldig koselig. Men det er vel berre å konstantere at verken eg eller Monica er nokre bakemestere. Men pepperkakehuset blei så fint pynta av Sander :)


Litt konfekt prøvde vi oss på og, men resultatet blei jo ikkje heilt vellykka. Våre såg hvertfall ikkje ut som på oppskriftbildene...
Moderne oppskriftbok hadde vi og eller Monica hadde ;)
Vi fekk no trimma lattermusklane når vi forstod at det vi har laga ikkje kan serverast til andre enn oss sjølv... Og vi kom og fram til at vi aldri kunne vore med på Kakekrigen, ikkje eingong om vi to kunne jobba ilag...
Ønsker alle ei fin førjulstid og takk for titten :)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...