torsdag 1. desember 2011

1. desember

Idag har det vore skikkelig ruskevêr. Tenk at vi er komt til 1. desember, tida går litt for fort no... Idag tok eg og Mac ein liten tur der eg kunne sleppe han. Han elsker å få gå laus og løpe rundt og kose seg ;) Det regna og blåste, men det var no berre friskt å gå tur i ;) Men eg var veldig glad vi hadde komt oss innatt når det begynte å lyne og tordne. Huff eg er ikkje noko glad i slikt vêr, men heldigvis vart det ikkje så lenge. Legger ut litt bilder frå turen, ikkje dei best bildene, blitt tatt med mobilen min...
Litt snø er det og komt

Mac og pinnen
Elva


Mac fant seg ein ny pinne, fant ikkje noko større ;)
Ikkje lett å holde seg tørr på beina ;)
Når vi kjørte heim måtte eg berre ta bilde av denne fossen :)
Når vi endelig kom heim, fant eg ut at eg fekk begynne på stua att. Og det var då det begynte å lyne og tordne. Og under dette blei heile stua så lys og sola skinte??? Eg forstod ingenting, men det var no kjekt å sjå den att og ;)
Så idag trur eg at eg nesten har oppleve alle slags vêrtyper ;)
I kveld var eg og ei venninne på Julekonsert i Florø Kirke "Stille natt hellige natt", ein flott konsert :) No skal eg slappe av litt før eg finn senga :)
Takk for titten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...