mandag 6. februar 2012

Litt forskjellig :)

Då er det mandag og jobbehelga er over for denne gang, idag er det fri og den nytes :) På lørdag var eg på delfinalen i MGP. Kjekt å få med seg. Kosa meg hvertfall. Idag må eg nok få gjort noko her i leiligheta. Dagen er full av planer... Men kjenner eg meg rett, blir vel ikkje alt gjort ;)
I helga fekk eg ikkje gjort noko hobby, men har jo laga ei albumside eg ikkje har lagt ut... I år skal eg prøve å få laga nokre albumsider, det er kjekt å lage til slike minner ein kan sitte og bla i.
Her hos meg er det Mac som blir fotoobjektet og som blir scrappa ;)
Her er dagen vi henta han :)
Eg holder jo på med ein genser og, mitt eine evighetsprosjekt, no skal eg endelig begynne på mønsteret,men først må eg få litt hjelp til oppskrifta. Men akk for ein kjedelig genser å strikke... Men no har eg felt til hals framme og eg føler eg nærma meg slutten. Då er det berre armane att, håpa ikkje det tar like lang tid...
Kanskje den blir ferdig i år???
Litt bilder av Mac må eg jo legge ut og.
Finingen :)

Snart ferdig med å ta bilde, eg vil leike i snøen no...
Då får eg gjere litt anna her. Ha ein flott mandag. Og takk for titten :)

1 kommentar:

  1. Ser du har mange kreative tanker om det som skulle,kunne,måtte kunne gjerast.
    Det kan vera frustrerande mange ganger.Eg har lært, ein for vera tålmodig og la det komme etter kvart.
    Klem frå meg til deg:)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...