onsdag 30. mai 2012

Hjelp mai har føke avgårde...

Nei dette er dårlig blogging, men får skylde på skriving av ein heimeeksamen... Men får ta eit sammendrag av mai mnd no då... Og det er godt med ei lita pause frå skrivinga til eksamen :)
17. mai hadde eg fri og det var jo godt det. Eg og Mac tok oss vår egen feiring vi, vi tok oss ein tur på Brandsøyåsen vi :)
Litt bilder har eg frå dagen og :)
Flagget vaier i vinden

Litt pynt blei det inne

Mac skjønna ikkje ka eg bala med...
Mac måtte lære seg å bære flagg han ;) Det gjekk over all forventning, hadde trudd han kom til å tygge det i stykker eg :)
Her er bilder frå turen vår :)
Brandsøyåsen 17. mai

Plutselig skulle eg ha ei veke ferie, ikkje at eg gleda meg veldig til det, for den blei brukt til skriving av oppg mi... Men hjelpes kor heldig eg var med vêret då. Då var det å ta med bøken ut og nyte sola som vi fekk :)
Eksamenstid

Nyter frukosten på terrassen :)
Litt anna kos blei det og :)
Hundeavkjøling, Mac elska å få drikke av hageslangen ;)

Varmt for ein hund, godt med ein isbit då ;)
Grilling må til på slike vakre daga :)
Slik har min mai vore så langt. I går gjekk eg tur med turlaget, men den skal eg skrive om i eit anna innlegg :)
Då er det tilbake til skrivinga mi :)
Takk for titten og ha ein flott dag :)


1 kommentar:

  1. Her var det mykkje koseleg stemning. Og det gode veret ser ut til å fortsette:)
    Lykke til med eksamenAnnelen,krysser fingrer og bein for deg:)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...