fredag 2. november 2012

Hyttetur :)

I helga hadde eg og Monica vår hobby- og hyttetur. Vi koste oss masse og fekk til og med gjort ein del hobby :) I år tok vi turen til Sande, vi leide oss ei hytte på Svoa Hestadgrend. Ei gamal tømmerhytte, og vi trivdes godt der. Men det tok ei stund før vi kom oss dit, det blei eit litt lengre stopp i Førde enn vi først hadde planlagt. Men til slutt satte vi snuten mot Sande :) Vi var no litt spent på hytta, men den var jammen fin... Og god bordplass til oss to som skulle scrappe :) Når vi kom fram blei vi møtt av ein velkomstkomite, dei var ganske så høglytte og holdt på ei god stund med rautinga si ;)
Vi fekk tinga våre ut av bilen og i hus :)
Vi er komt inn i gangen med tinga våre :)
Vi fekk på plasse hobbytinga på stua, fekk fyrt i peisen og begynte så og sei med ein gong. Og holdt på til langt på natta.
Godt og varmt fekk vi det og :)
Vi er begynt å pakke ut :)
Her kosa vi oss med papir, snop og god mat frå torsdag til søndag :)
Litt mat må man ha før man begynner med hobby :)
Middag/kvelds måtte vi og ha desse dagane :)
På lørdagen hadde vi taco og salaten blei laga i ei panne, sidan vi ikkje fant ei passelig skål, "man tager hva man haver". Men den smakte no like godt allikavel ;)
Rett etter frukost var det og sette seg til bords att :)


Tida gjekk så altfor fort, men vi fekk no laga litt. Albumsider, kort og pynta fyrstikkesker. Så kom søndagen og vi måtte sei farvel til hytta, vi kunne no tenkt oss nokre daga til ;)
Kjøkkenet
Stua

Gang, soverom og utvendig
Grillplass
Utafor hytta :)
Hytta fant vi her, og vi kunne gjerne tenke oss tilbake. Og vertskapet virket veldig hyggelige :)
Det eg lagde på denne turen skal eg vise i neste innlegg. Tusen takk til Snuppa for ei super langhelg :)

Tusen takk for titten og ønsker dokke alle ein riktig fin fredag.

1 kommentar:

  1. Kan godt tenke meg at denne turen gjorde underverker.Fin hytte de var på og mykkje spennande saker å ta fatt på for slike med dokkar skapertrang. Takk for titten :) <3 <3 :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...