søndag 3. mars 2013

Vårrulla

Då er det søndag og helga går mot slutten og det nærma seg veldig til eg skal begynne å gå nattevakter.... Skrekk og gru, håper eg vil trivast....
Idag håpa eg på ein effektiv dag, må lage eit babykort, gjere ein del eksamensoppgaver og ikkje minst rydde og tur med Mac :)
Helga har vore ei kjempefin helg, lenge sidan sist den har vore så fin. Igår lagde vi jo vårrulla for første gang, med god hjelp av ein kompis av John. Det var ikkje så vanskelig som eg trudde, men å få laus den pastrydeiga var ikkje så lett... Men så slapp eg unna all skjæringa då, eg og Mac sneik oss ut på ein tur og kom heim til det gøye ;) Nemlig å ta bilde ;)
Vi venter alle på noko godt ;)
Så måtte vi rulle, vi fekk ca 30 vårrulla :)
Masse fyll hadde vi i :)



Vi hadde ein del fyll i vårrullane, men du og du kor godt det var :) Så nærma det seg ferdig resultat :)

Vi lagde heimelaga pommes frites :)
Klare for eting ;)
Dei smakte veldig godt, sjølv om vi brukte feil nudler ;) Vi skulle ha noko som heiter glasnudler og kjøpte eggnudler vi ;) Oppskrifta fant vi her :) Nei no må eg fortsette å sjå skiskytting :) Ha ein fin søndag og takk for titten :)

1 kommentar:

  1. Dette ser kjempe gøy og godt ut,mac venter nok med lengsel og gode dufter i nasa.
    Det blir nok spennande dager framover med ny jobb, men den som intet våger ,intit vinner<3 <3
    Ha ein fin søndag.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...