tirsdag 21. mai 2013

Pinsehelg

Då er denne helga over, her har eg jobba første del av helga og siste del har eg hatt fri :) Og vi fekk jo slikt eit flott vêr. Så då er det herlig å ha fri...
På fredag var det 17. mai, her blei det stille og rolig, men var heilt greit å ta det med ro sidan eg skulle på natt.
Mac feira 17. mai og :)

Pinseafta blei ein kjempeflott dag, det var vanskelig å sove i slikt vêr. Så då fekk eg kose meg litt i sola. 1. pinsedag blei like fin og eg kunne endelig nyte sola uten å tenke på at eg skulle på jobb att :)


Ingenting er bedre en å kunne sitte og slappe av, nyte sola, ei god bok og fin utsikt. Kan jo ikkje bli bedre då :) Men boka er så vidt eg klarer å legge fra meg, veldig spennande... "Djevelkysset" av Unni Lindell....

Dagen idag blei jo like fin og sidan Mac synst det har vore nokre varme daga, tok eg han med ned til sjøen etter turen idagtidlig, slik at han fekk bada og kjølt seg ned litt :)

Seinare på kvelden fant eg ut at eg skulle ta meg ein tur på Brandsøyåsen. Ein fin kveldstur :) Bilda er tatt med mobilen, så dei blei dessverre ikkje så bra...


 No får eg snart finne senga, håper alle har hatt ei fin helg. Takk for titten :)




1 kommentar:

  1. Det er så kjekt å sjå at de pynter så fint til 17 mai. Trur eg må ta ein tur neste år :D
    Fine bilder <3

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...