mandag 29. juli 2013

Turen til Besseggen (1743 moh)

Eg har nokre fjelltura som mål og no er eg begynt på lista, eg kan krysse ut Besseggen :) Det var ein lang, men fin tur. Og det høgste punktet på turen er 1743 moh. Dette blir nok et innlegg med masse bilder...
Eg og Mac pakka bilen og satte kursen mot Gjendesheim på onsdag den 24. juli. Det var ganske spennande sidan dette blei den første skikkelig lange fjellturen min. Vi kom til Gjendesheim rundt kl 20 og fekk vårt lille rom med flott utsikt :)

Ingen av oss sov noko særlig den første natta, Mac stod på alle fire kver gang han hørte lyda. Så var det å stå tidlig opp for å få i seg litt frukost før vi starta på turen. Eg håpte at eg skulle få komt med båten i 8 tida til Memurubu, men slike skulle det ikkje gå. Det var visst veldig mange som skulle på Besseggen denne dagen... Eg fekk ikkje plass på båten før kl var over 10...
Så blei det endelig min tur å komme ombord i båten som skulle ta oss til Memurubu :) Gjendebåten trur eg den heiter. Vi måtte sitte ute med hund, så det blei ein litt kald opplevelse, men Mac visst kordan han skulle holde meg varm. Eg var nemlig ikkje den einaste med hund, så der eg satt var vi like godt to hunda til. Og Mac som er så glad i andre hunda, han styra på og bjeffa og bråka. Men til slutt så roa han seg. Han fekk til og med vatn i pelsen av ei bølge, då var det ein som lurte på ka i alle dager som skjedde her... Mac har jo aldri vært i båt før, men det var visst ikkje noko problem :)

Huska ikkje kor lang tid båtturen tok, men huska veldig godt at den andre båten som starta etter oss tok oss att....
Så kom vi endelig til startpunktet :) Eg var både spent og kvidde meg litt...
Så begynte eg og Mac og alle dei andre på den lange turen. Besseggen er ein veldig populær tur og det såg eg jo denne dagen. Det var masse folk som gjekk den. Så det var alltid nokon å prate med og det var mange turista fra andre land som gjekk den og.
Ikkje komt så langt enda, forstod fort at det var lurt å begynne litt forsiktig ;)

Flott utsikt
Det går opp opp opp...
Mac har det fint på fjelltur

Nydelig

Grønt vatn

Når vi endelig kom opp på ein topp, ja då var det jammen ein ny som låg og lurte... Ka i alle dager har vi begitt oss ut på Mac...
Vi går mot neste topp

Men det blir fort glømt når ein ser slik flott utsikt
jepp nydelig, heilt til eg såg neste topp....
Okei korfor i alle dager finner eg på alt mulig sprell, aleine og med ein hund.... Huff Mac ka e det eg har dradd oss med på. Er det meininga at vi skal opp der... Ikkje gå opp men klatre opp... Ikkje rart ho eldre dama såg stygt på med og meinte det var heilt utrulig at eg tok med meg hunden opp hit. Som ho sa til meg "Jaja du veit vel ka du går til, du har vel gått her før sidan du har hund med deg" Eg svarte som sant var at nei dette er første turen min her og eg veit vel egentlig ikkje ka eg har begitt meg ut på... Men han er vant til å gå i fjellet. Det såg ikkje ut som ho meinte det var greit sjølv om han er fjellvant...
Hjelp opp der skal vi...
Men Mac han er ei "fjellgeit" og vi har jo gått ein del fjelltura, så koffor eg orka å bruke krefter på å bekymre meg skjønna eg ikkje. Han var så flink og vi fant den måten som var best for oss å komme oss opp på. Og sjølve klatrepartiet var ikkje så bratt som eg hadde forstilt meg.
Så begynte vi på vår vei ned att. Det var jo heilt utrulig at det ikkje kom enda ein topp. For når vi gjekk nedover betydde det berre at det kom ein ny topp framfor oss. Og vi kan til og med sjå målet på bildet over, langt der nede ligge Gjendesheim :)
Når vi kom enda nærma følte eg ei slik glede når eg såg Gjendesheim, sjølv om det føltes som det var langt igjen
Der nede ligger målet....
Når eg kom ned og såg skiltet, var eg lykkelig og bestemt på at dette var første og siste gangen eg kom til å gå denne turen... Det tenkte eg også i klatrepartiet... Turen er 17 km lang og eg trur eg brukte 8 tima på turen...
Lykke, endelig nede att :)
JIPPI vi klarte det Mac :) og ho dama tok hvertfall feil, dette var ein fin tur som "fjellgeita" mi klarte heilt fint. Så ho hadde ingen grunn til bekymring... Og den tre retters middagen den kvelden smakte nydelig godt og med god eplemost til drikke :)
Gjendesheim
Så var dagen komt for at vi skulle reise, vi hadde to herlige netter på Gjendesheim. Og når eg våkna dagen etter turen, ja eg har ombestemt meg, eg kjem nok til å ta turen igjen :)
Siste frukost på hytta
Så var eg ferdig med frukost og lufting av Mac, satte vi kursen mot Florø. Første stopp blei i Ridderspranget, eg var jo litt nysgjerrig på ka det var for noko.

 Eg hadde ei matpause i Stryn og gjekk og kikka litt der :)
Det var godt å komme heim og friveka mi har føke avgårde, men jammen sant har eg fått meg ein tur eg ikkje kjem til å glømme med det første. No er det berre å glede seg til neste mål ;)
Takk for titten, håper alle får ein fin dag :)


 

4 kommentarer:

  1. Heilt utruleg herleg lesing og flotte bilder.Dette kommer du og Mac til å hukse lenge.
    Når du klarte denne turen klarer du og Mac det meste.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det var ein fantastisk tur, og ikkje minst godt for sjela... Neste år håpa eg det blir Galdhøpiggen ;)

      Slett
  2. Så flink du er å skrive Annelen!! Et koselig og herlig innlegg fra turen din med
    fine Mac :-) Dere er jammen spreke som har vært på Besseggen.
    Tviler ikke på at du tar Galdhøgpiggen neste år :-D

    Klem Astrid

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for koselig kommentar :)Ja vi er litt stolte over å ha gått Besseggen ;) Klem

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...