mandag 21. oktober 2013

Terdalskeipen 744 m.o.h

Så blei det jammen meg ein skikkelig fjelltur etter gamalt. Sidan eg har ein hæl som ikkje er heilt god, har det blitt dårlig med fjelltura. Men eg får heller overleve litt smerter, det gjere jo så godt å få komme seg ut... Men eg merka jo at forma ikkje er den beste lengre... Men det kjem seg vel ;)
Den 16. oktober tok eg og Mac turen til Terdalskeipen, eg har berre vore der en gang før. Og ein gang i sommer prøvde eg å finne den, men isteden for å gå til venstre ved aksla gjekk eg rett fram eg og var på vei mot Slettevarden, men eg måtte snu pga tåka kom sigande... Då sa fornuften at det beste var å komme seg ned av fjellet...
Men denne gange fant vi jammen fram:) Nydelig høstver var det og. Eg parkerte bilen på ein liten parkeringsplass litt nedafor Magnhildskartunnelen. 
T`ane er gode å ha :)

Mac koser seg :)
Mac fikk tom løpe laus, og då koste han seg kan dokke tru :) Vi fant ikkje stien opp til Terdalskeipen med ein gong. Men til slutt fant vi den...
Mac koser seg når vi er på langturer. Han meiner nok at vi burde gå i fjellet kver dag han :)
Vi kom oss til toppen, litt kaldt var det, men flott utsikt uansett:)
Ikkje heilt fornøyd...
 Mac er ikkje alltid like enig i at det skal takast så masse bilder, her er han ikkje heilt fornøyd. Denne gangen glømte eg fotoapparatet, men heldigvis tek mobilen ganske gode bilder. Neste gang håper nok Mac at eg glømmer mobilen og, slik at vi slepp alt dette bildestyret....
Utsikt til Florø

Så var det å begynne på nedoverturen, fant ut at matpausa måtte vi ta ein anna plass. Det var kald vind der oppe, så eg var glad eg hadde tatt med både hue og vanta...
Så blei det tid for ei lita pause. Eg var på butikken og handla litt før vi gjekk på fjellet og til min store overraskelse var det komt julekake i butikken... Eg klarte ikkje å motstå fristelsen til å kjøpe julemanna, så den her karen blei med på tur. Mac ligger vakt og håper julemanne skal hoppe ut av sekken og havne i munnen hans... I bakgrunne ser ein Rundevatnet... Mac meinte nok han fortjente den julemannen meir enn meg... Når vi skulle gå ned att, måtte jo eg prøve ein anna sti ned, og plutselig så var det ingen sti lengre... Så då gjekk vi der og trakka, bratt var det og enkelte plasser. Mac sendte meg nokre blikk av og til som sa "Korfor må du alltid rote deg ut av stien, neste gang følger du meg..." Plutselig begynte Mac å dra noko voldsomt, og plutselig stoppa han og logra veldig med halen. Vi hadde komt oss på stien att og Mac virka veldig fornøyd med det...
Så var vi komt oss ned til bilen og Mac er fornøyd med ein flott tur :) Kanskje vi må finne Klauvekeipen og snart :) Ha ein fin mandag, no er friveka mi over for denne gang og no står 4 netter for tur... Takk for titten :)

6 kommentarer:

  1. Takk for innlegget jenta mi <3 Du skriver godt også!

    SvarSlett
  2. Takk for ein fantastisk mimretur til Terdalskeipen sammen med Annelen og Mac.<<<<3

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjekt at du kunne mimre med turen til meg og Mac :)

      Slett
  3. Heisann :-)

    Veldig kjekt å lese om turene du og Mac er på Annelen :-D
    Du skriver så `levende` og så er det så koselig med bildene.
    Misunner deg litt alle disse flotte turopplevelsene du har ;-)
    God bedring med hælen din !!

    Tusen takk for de koselige kommentarene i bloggen min!!!
    Ha en fin søndag.

    Klem Astrid

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen tusen takk for koselig kommentar Astrid. Eg er veldig glad i å ta bilder, kanskje det dukker opp eit blinkskudd som går an å scrappe ;) Takk for det, den blir vel bra att ein vakker dag :) Klem

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...