fredag 28. mars 2014

Ramsdalsheia

Igår fekk eg endelig prøvd skia mine, men neste gang trur eg at eg skal gå ein anna plass enn Heia... I mine yngre daga gjekk eg masse på ski, foreldra mine drog med meg på flotte skitura... Og redd var eg ikkje... Men dei ferdighetane har eg visst glømt... Men no er det vel 15-20 år sidan eg hadde ski på beina sist...Igår skulle eg hvertfall ikkje tru eg har vokst opp med ski, eg var "redd" den minste bakken. Den såg jo ut som den monsterbakken i mine auge.

Bekymringa den kom med ein gong eg fekk skia på meg, eg kan ikkje huske at det var så "bratt" på Heia... Herre min hatt eg skal jo nedigjen og. Nei dette må jo vere eit av mine dummaste påfunn og heilt aleine... Så begynte ture. Opp gjekk bra og eg begynt å få litt trua på meg sjølv... Eg fant meg ei lita flate med ei lita helling, bra eg var aleine, der gjekk eg att og fram ei stund. Måtte jo øve meg litt... Hadde no folk sett meg... Men så blei eg jo litt tøffare og tenkte at no kan eg jo gå litt høgare opp, ned skal eg no alltid komme meg :)
 


Det var jo så fint der igår, sola varma skikkelig godt. Nydelig dag i fjellet. No skulle eg ønske det ikkje var noko som heite jobbehelg.... Då skulle eg jammen vore på fjellet heile helga :)

Blei tatt litt vinterbilde igår :) Litt rart å gå på fjellet uten min beste turkompis. Men igår hadde nok ikkje Mac noko på fjellet ilag med meg og gjere. Eg hadde visst nok med meg sjølv igår ;) Men savna han gjorde eg...


Når eg kom nedatt til bilen måtte eg jo ha litt varm drikke og ein liten pust i bakken, teke på å gå på ski og desse "fæle" bakkane ;) Men eg må berre komme meg på skitur att, kan ikkje vere slik ei pingle på ski som eg var igår... Litt knall og fall hadde eg i desse bakkane, men hadde trudd eg skulle ligge og kave meir i snøen enn eg gjorde ;)
Kakao må ein ha på skitur
Trollstova
Fekk jo påskestemning igår og neste gang bør eg huske noko som heiter solkrem ;) Eg er visst rød seier min kjære... Takk for titten, ønsker dokke ei riktig så god helg. Tenk at det alt er fredag...

1 kommentar:

  1. Herleg skildring av skituren, kjenner meg at.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...