søndag 10. mai 2015

Tre støyler

Igår møtte eg ei venninne frå gamle jobben min. Det er ikkje så ofte vi treffast, så dette var jammen koselig. Vi hadde bestemt oss for tur til Eikefjordstøylen, men tok like så godt og gjekk over til Hovlandstøylen. Sidan vi var så godt igang, tok vi Kvalvikstøylen i samme slengen ;) Flott turvêr hadde vi og.

Vi begynte på Rasteplassen og gjekk først til Eikefjordstøylen.

På vei opp til Eikefjordstøylen


Meg og Vigdis

❤️ Macegutten ❤️
Her hadde vi ei lita pause. Men Mac syntes dette var ganske så unødvendig. Så etter ei lita pause med bildetaking, eting og drikking, gjekk turen over til Hovlandstøylen.
Den vante turvasken må til ;)

Legg til bildetekst

Her blei det og ei lita pause for å ta litt bilder. Men denne gangen tok ikkje eg så mange bilder. Dei fleste er faktisk lånt av turfølget mitt, Vigdis :)
No skulle vi nedatt, men først ville vi gå innom Kvalvikstøylen...




Mac og Vigdis på Kvalvikstøylen
Her blei det enda ei pause til Mac sin store fortvilelse...

Så gjekk vi tilbake til Rasteplassen.

Mac passer på sekken til matmora ;)

Ei lita snakkepause før vi drog kver vår vei
Fantastisk flott tur ilag med Vigdis og Macegutten. Og jammen var Mac litt sliten når han kom heim... Jammen har det blitt nokre tura til Eikefjordstøylen og Hovlandstøylen no ;) Men denne gangen var det ekstra stas, trur til og med Mac synst det var kjekt med turfølge :) Vi håper det ikkje blir lenge til neste tur :)

Takk for titten og ha ein fin dag :)




 

1 kommentar:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...