fredag 3. juni 2016

Nydelig rundtur

Igår hadde eg og ei venninne ein flott rundtur. Skodda låg ganske tett her i Florø, men innafor var det mykje lettare og sola titta fram og :)

Vi gjekk frå rasteplassen i Eikefjorden til Hovlandstøylen-Nipevatnet-Flatenipa-Litlenipa-Strandanipa og over til Hovlandstøylen att
Første stopp blei Hovlandstøylen. Fint der igår og :) Her blei det berre eit kort stopp for å skrive oss i boka :)

Så trakka vi vidare mot Nipevatnet.
På vei til Nipevatnet

Når vi kom opp til Nipevatnet,  måtte Mac uti og bade, brrr... Med nipevatnet er det veldig fint, og egentlig ein heilt grei tur. Men denne gangen skulle eg endelig få komme meg vidare til Flatenipa, som var ein ny topp for meg.
Nipevatnet

Mac og eg kosa oss på tur :)
Så var det å komme seg vidare til neste topp og nipe. No er vi på vei til Flatenipa.

Mac nyter å gå i fjellet

Så kom vi oss på toppen av Flatenipa (860 moh), der blåste det litt... Men om det skulle bli kaldt var det ingen problem, eg hadde nemlig pakka for ein skikkelig vinterdag... Utsikta var ikkje så verst her heller. Flatenipa var det høgste punktet på denne turen :)

Flatenipa

På vei til Litlenipa

Vi vandra vidare på turen vår og kjem oss endelig til Strandanipa, men først var vi ein tur innom Litlenipa. Der glømte eg visst å ta bilder... Men huska å skrive oss i boka ;)

Strandanipa



Fjellgeita mi
Så var det å begynne å gå tilbake til Hovlandstøylen og rasteplassen.
På vei tilbake til Hovlandstøylen


Ein flott tur, eg endelig fekk gått. Og når man har hyggelig selskap, så gjere det jo ingenting at turen tok litt tid. Og dette var ein ganske fornuftig aktivitet på fridagen min.
Ønsker alle ein fin fredag og god helg, nyt den :)



3 kommentarer:

  1. Det må vera ein heilt fantastisk tur du, venninda og Mac hadde i dag! Wow !

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var ein kjempeflott tur. Vi gjekk i 5 tima. Mac kunne sikkert traske enda lengre :)

      Slett
    2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...