tirsdag 23. august 2016

Kreative hender- litt forskjellig ;)

No er ferien over og igår var det tilbake på natt. Etter ein ganske våt start på ferieværet her på Vestlandet, fant vi ut at vi ville rømme landet og tok oss ei veke i Roma. Det gjorde godt med sol og varme på nokre frosne kroppa ;) Og når eg kom heim klødde det i fingrane for å få gjort litt hobby. Då var det ekstra stas å få kose seg med digistempler frå Kreative hender.

Først har eg laga ei PL side frå starten av ferien, då hadde vi jo ein dag med strålande vêr :) På denne sidan fant eg ingen kort eg ville bruke. Så her er det brukt stensila, distress ink og restekartong. Kantane har eg rufsa og sverta med Distess ink-blueprint sketch
Elles har eg brukt:
Dotta (som eg ikkje huska kor er ifrå)
Dies: Joy Crafts
Alfabet: Tim Holtz
Stempel: Storyteller








Så har eg laga eit kort med dette anvendlige motivet, dette blir nok mykje brukt av meg...
Her har eg brukt:
Kartong: Bazzill-svart
Mønsterark: Papirdesign: Muligheter-Drivved
Dies: Kort & Godt 182

Kortet er 15x15


Må jo sei eg har blitt inspirert av snuppa Monica, som skal prøve seg på nye ting
Her har eg slått til med å prøve Inka Golden min, som berre står og støver ned...
Kortet er 15x19
Her har eg brukt:
Kartong: Bazzill-Svart og Pomegranate
Ebossingplate: Spellbinders-Industrial
Annet: Akrylmaling og Inka Gold-Lavared
Dies: Papirdesign

Kjekt å få prøve litt nytt, og enda bedre å få prøve litt av dei "få" diesane eg har. Bør bli flinkare å bruke det eg har... Veit ikkje kor mange år sidan eg kjøpte meg Inka gold, og dei har ikkje blitt opna ein gong. Vel det var det eg hadde for idag. Ha ein flott dag og tusen takk for at du tok ein titt :)

6 kommentarer:

  1. Åhh den PL-sida va bare knallflott! Tekstdigien passa jo bare så bra.
    Ikkje verst at eg kan inspirere med å prøve noke nytt :-) Skikkelig tøffe kort! Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk du :) Sleit litt med den sida, men teksten passa veldig bra ja.

      Slett
  2. Kjempeflott PL side:)
    Inspirasjon ♥

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk :) Har fått meir og meir sansen for PL..

      Slett
  3. PL- sida er utruleg flott og viser litt av den vakre naturen vi har rundt oss her i Florø.
    Kjempe bra Annelen.
    Og nye kort og kreative løysinger ser ut som du har lite problemer med.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk :) PL er ein fin måte og lage albumsider på. Og ein kan bruke ein del bilder :) Og jammen har eg mange bilder som berre venta på å bli scrappa...

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...