søndag 24. september 2017

Mixed Media tag

Idag vil eg vise to tag'er eg har laga som inspirasjon til utfordringa vi har gåande i Papirlosjen, Mixed Media. Denne gangen har eg virkelig gått ut av komfortsona mi på den eine tagen... Men jammen er det kjekt å leike seg og prøve seg på nye teknikker.

Herretag har eg brukt:
Kartong: Kvit
Mønsterark: Kaiserkraft-Factory
Rust effect paste: Gold rust, Brown rust og red rust
Spray: Svart og kobber
Annet: Stjerner og tretannhjul, band
Dies: Tim Holtz

Har og tatt rust effect og alkohol ink rundt kantane på tag'en


Stjerner og tannhjul har og fått ein omgang med rust effekt. Likte effekten av rust, trur nok at eg vil bruke dette igjen


Har og spraya tagen med svart og kobber. Eg hadde ønska at kobberen skulle vere mørkare enn den var, synst den blei veldig glinsande. Men eg tok på herremannen og då blei det ikkje så verst.

For å få denne rust effekten har eg brukt eit sett eg fekk i gave for ei stund sidan, og det var no jammen på tide å bruke det.


På den andre tag'en har eg brukt:
Kartong: Kvit
Distress Oxide: Cracked pistachio og Twisted citron
Perler: Staz-krem
Diverse blomstra og band


Blei ein enkel tag, men kjekt å sjå kordan den forandra seg.

Den andre tag'en har eg kosa meg med Distress Oxide, tørka og spraya med vatn til eg fekk den slik eg ville ha den.


Noko av det eg har brukt finner du hos Scrapomania.
Det var det eg hadde for idag, takk for at du tok ein kikk. Kanskje du har lyst å prøve noko du har som berre er blitt liggande? Ha ein flott dag og kos deg med scrapping :)

3 kommentarer:

  1. kjempetøff tag og rustikke elementer! ♥

    SvarSlett
  2. Interessant korleis kunstnerevna kan skape fine opplevinger som bilde av mannen som ser på stjernehmmelen. Veldeg bra !

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...