søndag 15. april 2012

Herlig helg :)

Påska forsvant i eit jafs, jobba heile påska, men har hatt nokre fridagar no. Og det har jammen vore deilig :) Ka har eg så gjort desse fridagane min, hmm det er jammen lite gitt... Men på onsdag tok eg og Mac oss ein fin tur på Brandsøyåsen, det var vått og surt, men herlig uansett :) Tok faktisk ikkje bilder frå turen, men det regna jo elefanta når vi var der.
På lørdag blei det jo eit flott ver og eg og Mac tok vår første fjelltur i år, og det var jammen godt. Sidan eg ikkje fekk vere med turlaget på onsdag til Uførefjellet, tok vi den turen igår.
Mac fant seg litt snø ;)
Vi er komt opp :)
Hatlesetnipa får bli neste tur :)
Kosestund med pinnen :)
Eg har glømt å legge ut bilde av morsdagskortet som svigermor fekk, ein smule seint, men men. Kortet er ganske enkelt og ikkje brukt så mykje på det, berre kartong, mønsterark, blonde og stempel :)



 Har og fått laga ei albumside av jula vår
Vel dette var litt fra meg, no fram over må eg vel konsentrer meg om litt skulearbeid :)
Ha ein fortsatt fin kveld og takk for titten.



søndag 1. april 2012

1. april

Idag er det 1. april og langfrihelga er snart over. Denne helga ser eg fram til kver 6 veke, då er det fri fredag til mandag. Og det er alltid store plana for helga, masse som skal bli gjort, men lite som egentlig blir gjort...
Fredagen begynte eg og Mac med tur til Brandsøyåsen og etterpå blei det ein liten kafetur.
På vei opp :)


Det var min fredag, så kom lørdagen og eg gjorde egentlig ikkje så mykje fornuftig. På kvelden lagde vi pizza og kosa oss her heime. Men eg fekk no kosa meg med ein Layout, bilde kjem litt seinare ;)
Idag er det søndag og turen til meg og Mac er unnagjort, men det begynte jo å snø så voldsomt og blåse. Kor blei våren av???? Mac brydde seg ikkje mykje om det, men eg synst det var litt kaldt... Brrr...
Vårtegn, men ikkje det kvite som ligg der... :)
Koser seg i snøen :)
Det var mi helg så langt, no skal eg vie litt tid til dette her...
Skriving må til :)
 Litt skulearbeid, må skrive ein praksisrapport, forhåpentligvis har eg ikkje så mykje att før den kan leverast :)
Tulipaner lyser opp
Ha ein fortsatt fin søndagskveld og takk for titten :)

søndag 25. mars 2012

Ein smak av våren :)

Denne helga har det vore eit fantastisk ver, igår va det kjempeflott og eg måtte på jobb. Idag når eg hadde fri, var ikkje sola like villig til å titte fram... Men det kom seg utover dagen :)
Idag tok vi oss ein tur på Rognaldsen Gartneri, og hjelpe meg kor mykje flott dei har der oppe. Men idag endte vi opp med frø og minidrivhus, nokre påskeliljer og vårlyng.
Vi tok oss og ein liten kjøretur, slik at vi kunne sleppe Mac`en, han blir jo så glad når han får løpe laus :) Og ikkje minst får bade litt.
Litt bilder frå dagens tur :)
 Så fekk eg jo planta litt her heime og, alltid koselig det. Men ikkje så masse enda, litt vårstemning må vi ha utforbi :)
Snart påske no :)

Mac venter på ei lita plastpotte ;)
 Elles denne veka har eg prøvd å lage system i stempla mine... Akk og ve for ein jobb. Har stjålet denne ideen frå venninna mi og skal kjøpe nokre andre boksa å ha dei i. Men eg har stempla opp stempla mine og laminert dei og putta dei i plastlommer. CD-lommane har eg kjøpt på Clas Ohlson :) Trur dette vil funger fint for meg og ikke minst oversiktlig. Så må eg jo takke min kjære som har hjulpet meg å skjære dei ut ♥ Snille du
Oppbevaring av stempel :)


Vel dette var mi helg og veke. No er det snart ei ny veke og kanskje det blir enda meir vårvêr, er hvertfall lov og håpe :) Takk for titten :)

lørdag 10. mars 2012

Rabalder...

Var det dagen starta med her idag... Det lyna og tordna noko voldsomt, men så skinte det opp. Og det blei flott vårvêr :) Eg og Mac tok oss ein fin tur, og Mac var lykkelig som kunne få løpe laus. Vi gjekk mot Uførefjellet idag, men usj kor vått det var der...
Herlig turvêr :)
Mac fant seg ein damm og måtte jo bade...
Koser seg :)
Full fart :)
Blink, blink
Mac hjelper til å rydde etter Dagmar... ;)
Når vi kom heim att frå tur, var det litt husarbeid som stod for tur og matlaging. Ikveld blei det John-André sin spesialgryte/wok. Han lagde det for lenge sidan til meg og det blei ein favoritt frå mi side... Så no er eg mett og god og helgefreden kan senke seg :) Stearinlysa er tent og eg har tenkt å sette meg ned å berre slappe av.
Koselig med levande lys
Måtte kjøpe ein bukett med roser idag :)
Igår fekk eg laga ferdig eit julekort og, best å begynne tidlig på den produksjonen ;)
Då skal eg sette meg ned i sofaen og slappe av og nyte kvelden litt. Kanskje eg skal finne fram eit handarbeid :) Eg har lurt på å om eg skal strikke meg ein puff, men burde slå fra meg den tanken med ein gong... Har visst nok prosjekt på gang om eg ikkje skal begynne på enda eit.. Ha ei fortsatt fin helg og hjertlig takk for titten :)

søndag 4. mars 2012

Våren

Tittet fram på fredag og lørdag, det var deilig med nokre dager med sol og fint vêr. Og her hin dagen eg gjekk tur med Mac, såg eg snøklokke. Og igår når eg var utafor leiligheta er jammen meg krokusane begynt å komme fram. Då er det snart vår ;)
Igår kveld hadde vi ein koselig kveld, vi lagde god mat og såg ein god film på Tv, "Livsfarlig anrop" trur eg den hette :) Min kjære er no veldig søt då, han hadde forma brødskiva mi til eit hjerte han
Elles så har eg fått laga nokre albumsider og :)
John som har kjøpt seg gitar og er flink å øve :)
På denne LO`en har eg brukt
Bazzill: Vanilje
Mønsterark: Scrap with in reach; flatbranch, 406 eighth street, ninth and elm, courthouse square
Stempel: Rockstar og gitar veit eg ikkje kor kjem frå, lånt av godaste Snuppa.
Annet: Knapper, tim Holtz filmrull, dymo, Spellbinders Stars five (også lånt av snille snuppa)
Sliten etter ein lang fjelltur :)
På denne LO`en har eg brukt:
Bazzil: Vanilje
Mønsterark: Déjà Views, Dogs Days Collection : Big polka dots, dogs strips, Small polka dots
Annet : Blomster, Thickers filt alfabet, Ranger Liquid pearl, platinum pearl 
Då får eg avslutte for no. Håper alle har hatt ein bra start på mars mnd. Takk for titten og ha ein flott søndag vidare :)

søndag 19. februar 2012

Fastelavn :)

Ja idag er det fastelavn, på fredag kjøpte eg fastelavnris, det er jammen meg lenge sidan eg har hatt. Og så støtta eg ei god sak :) Sidan eg ikkje er den fødte baker og ikkje lika krem, så blir det kjøpebolla med vaniljekrem her... John meina at det er jo ikkje fastelavnsbolla. Men det er eg som laga det og slik blir det ;) Huff fekk eg litt dårlig samvittighet for at eg ikkje kjøpte litt vanleg krem til han, jaja...

Igårkveld begynte det å snø att, hadde no berre snøen kunne lagt, men det er vel ikkje lenge til det begynner og regne att. Begynner å forstå dei som er skikkelig vêrsjuke no. Er begynt å drømme om å kunne reise til varmere strøk, er fryktelig lei vêret vi har. Og eg veit det ikkje hjelper å klage på det og eg pleier ikkje å gjere det. Men no føla eg det har vore dårlig så veldig lenge... Idag er det sol, det snør, det hagla... Men flott er det når sola kjem fram :)


Dette er langfrihelga mi, og på fredag måtte eg kjøpe ein potteplant med litt blomst på, ein krysantemum trur eg den heiter :) Måtte ha litt vårtegn her :)
No skal eg sette med ned med hobbyen min og prøve å lage ei albumside og kanskje eit kort. Men med så lang tid eg bruka på eit prosjekt, så blir det vel berre albumsida eg blir ferdig med...:)
Ha ein fortsatt fin fastelavenssøndag og hjertlig takk for titten :)

tirsdag 14. februar 2012

Valentine`s day :)

Ja idag er det Valentines dag, her i huset blir den ikkje feira noko særlig. Men eg har no laga eit kort til min kjære. Og jammen hadde John kjøpt ein potteplante til meg, ein eføy som er forma som eit hjerte.
Kortet eg lagde falt i smak, virka slik hvertfall ;)
På dette kortet har eg brukt :
Bazzill: Vanilje
Mønsterark: Inkido, Is this love, feel and laugh
Stempel: Frå kreativ hobby
Anna: Blomstra som eg ikkje veit kor er ifrå
Malen på dette kortet fant eg HER
Må jo vise planten eg fekk og :) Blei veldig glad for den og håper eg ikkje dreper den...
Då får eg gå og finne meg litt mat,og håper alle har ein flott Valentine`s day :) Takk for titten :)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...