mandag 22. oktober 2012

Babykort

Då har eg endelig fått ferdig babykortet. Henger skikkelig etter med kortlaginga mi. Denne mnd må eg lage nokre bursdagskort, men tenker eg blir ferdig til slutt :)

Her i september fekk ei venninne av meg baby, så då måtte eg jo lage eit kort. Og eg kunne endelig lage eit "rosa" kort :)

Har funnet eit fint dikt/vers på nettet som eg har brukt på innsida :) Huska ikkje kor...


Innsida

Baksida
På dette kortet har eg brukt:
Kartong: 2 rosafarger i Bazzill
Mønsterark: Papirdesign "Herman og Emilie" søte små ben, og ett eg ikkje huska namnet på..
Annet: Blomster, kantane er sverta med Distress Ink -tea dye, halvperler, charms frå Kuttut, perlestreng, stempel har eg lånt, veit ikkje kor det er ifrå.

Då er det berre å få pakken og kortet sendt i posten. Takk for titten, håper dokke har ein fin dag :)

søndag 21. oktober 2012

Bursdagskort :)

På fredags kveld begynte eg på bursdagskort til Sander, han feira 3 årsdagen sin tidligere idag, lørdag. Siste finish blei gjort når eg stod opp. Alltid ute i siste liten... Men men ferdig blei det :) Denne gangen blei det eit easel kort, lenge sidan eg har brukt denne bretteteknikken.
Framsida
Korte når det er "oppslått"


På dette kortet har eg brukt:
Kartong : Oransje bazzill
Mønsterark: Echo Park paper : A boys life, Hot-Rod
Stempel : Papirdesign, Kreativ hobby og Norsk stempelblad
Annet: halvperler, kantane er sverta med Distress Ink, weather wood

Så var lørdagen over og helga er og snart over, skjønner ikkje kor den er blitt av. Men til helga att er det hyttetur for meg og beste Snuppa. Gleder meg masse til ny hobbyhelg
Håper dokke får ein riktig så fin søndag. Takk for titten

 

mandag 15. oktober 2012

Fin høsttur :)

Idag hadde eg fri etter jobbehelg, men idag ville visst ikkje sola skinne slike den har gjort i helga. Men det var no ein fin dag allikavel, så lenge det ikkje regner er det fint :) Idag tok eg og Mac turen på Brandsøyåsen, er så fint å gå no når det er så flotte høstfarger ute :)


Når vi gjekk idag møtte vi på ein denne skapningen
Mac likte ikkje denne her noko særlig, måtte knurre litt på den her ;) Må vere regnfrakken som gjorde utslaget ;) Men etter at han fekk snuse litt på den her, så roa han seg og vi kunne vandre vidare mot toppen.



Så var det å ta turen nedover, idag gjekk eg ned med Torvmyrane, så då fekk vi oss ein litt lengre tur.
No får eg prøve og gjer ferdig babykortet eg er begynt på, burde fått det ferdig idag, slik at pakken kan sendast snart. Men først må eg følge med på Farmen :) Har ein del kort eg må få laga denne mnd... Takk for at du tok ein titt :)





lørdag 29. september 2012

På vei til Praha

Så kom dagen vi måtte reise fra Krakow, og då satte vi kursen mot Praha. Det som var så koselig med og kjøre sjølv, var at vi kom inn på så mange småveier og fekk sett så masse ein elles ikkje ville fått opplevd. Det første vi møtte var eit brudepar som holdt på å ta bilder, eg fekk knipsa eit frå bilen i fart ;)
Når vi var i saltgruva, kjøpt John ein kjempegod is, den måtte vi smake igjen på vei til Praha. Huska ikkje ka den hette, men god var den hvertfall.
Etter matinntak og dessert var det å komme seg vidare, men såklart det kunne ikkje gå heilt smertefritt... Vi blei veldig glad i GPS vår, og veldig gla for at vi hadde den. Men innimellom sliter den og, spesielt når det var veiarbeid... Eg følte at vi dreiv og kjørte rundt og rundt, men trudde det var eg som tenkte feil. Heilt til John ikkje spørr "har vi ikkje kjørt her før???". Så såg vi nokre veiarbeidare som vi fant ut vi fekk spørr, men det er ikkje alltid så lett når dei ikkje kan engelsk... Men med litt tegnspråk og enklte ord klarte dei og forklare kor vi måtte kjøre. Og då kom vi jammen på rett vei att :)
Vi blei såklart forsinka i forhold til det vi tenkte, ikkje berre att vi kjørte rundt og rundt, men vi fant ikkje hotellet med ein gong heller når vi kom til Praha. Men endelig fant vi det og kunne sjekke inn...
Då var det berre å legge seg for å gjere seg klar for ein ny dag :)



Praha



Søndagen kom og vi skulle ha ein avslapningsdag, der vi berre gjekk og kosa oss. Men det blei jo litt varmt for oss som nesten ikkje visste ka sol og varme var for nokke. Men Praha var ein nydelig by...
Begynte å ta bilde med ein gong eg kom ut frå hotellet ;) Og det var jo så mange flott bygninger i Praha.. Og masse folk :)
Når vi var på vår vei mot Karlsbroen, fant vi ut at klokka var så masse at vi kunne vente og få med oss den astronomiske klokka. Her var det samla masse folk for å sjå på den berømte klokka som er i tårnet til det gamle rådhuset. Når klokka slår timeslaget , opnes to luker over klokka kor apostlane passerer...

Så kom vi til inngangen til Karlsbroa, og der var det heller ikkje lite folk på ein søndag, var ikkje heilt Florø ein søndag det her nei... Vi var slitne etter Krakow og kjøreturen, så det blei berre Karlsbroa på oss denne dagen. Men det var godt og ikkje trenge å stresse rundt og.

Det gjekk mange båter på elva Moldau, vi hadde kjøpt oss billett til ein slik båttur dagen etterpå.

John hadde visst hatt lyst å bli tegna lenge, men istedenfor at berre han skulle bli tegna så fant vi ut at vi kunne bli tegna ilag. Han som tegna oss var utrulig flink og hadde mange artige ansiktsutrykk. Resultate blei bra og eg angra ikkje på det :)

Mange små gater i Praha

Hotellet vårt

Bobblebadet
Det var godt og komme tilbake på hotellet og slappe av, vi fant og ut at vi skulle benytte oss av bobblebadet dei hadde på hotellet og badstua, ein fin avslutning på dagen :)
Så kom vår sist heile dag i Praha. Den hadde vi satt av til båtturen. Det var ein herlig og ikkje minst rolig tur. Turen tok ca 3 tima og en var med lunch, buffet kor vi kunne ete så mykje vi ville. Masse god mat, som eg glømte å ta bilde av...
Koser oss på båttur


Koser oss i finvêret
Musikk hadde vi også ombord :)



Båten vi tok :)
Etter båtturen blei det masse trakking på oss, vi som skulle ha ein rolig dag... Skulle jo hatt med meg skrittelleren min... Men fekk no sett litt og fekk oss god biffmiddag på ein koselig restaurant. Så var det å komme seg på hotellet og begynne og pakke og gjere seg klar for heimreisa til Norge neste dag.
Dette blei eit langt innlegg, slik var vår ferietur i år.
Vi hadde hvertfall ein flott tur og eg kunne gjerne tenke meg tilbake til Praha, falt virkelig for denne byen her...
Takk for titten og ha ein flott lørdag, no nærma vi oss oktober og...


onsdag 26. september 2012

Hafstadfjellet (706 moh)

Endelig kom eg og Mac oss på fjelltur att, eg begynte nesten å lure på om eg ikkje skulle fått til fleire tura i år. Det har jo plaska ned og i helga når det var så flott hadde eg jobbehelg... Men idag var det fint turvêr. Eg gjekk med ei eg jobba ilag med og hennes sønn på 6 år, han var kjempeflink :)
Idag tok vi turen til Hafstadfjellet i Førde, vi parkerte på Langeland.
Det var fin turveg og til tider litt seig...
På vei opp :)
Dit opp skal vi :)
No er vi snart kom opp :)

Mac slapper av ei lita stund...

Mac var meir interessert i bollen som Abraham eter ;)
Førde og Førdefjorden

Her ser vi Movatnet og Åsvatnet


Førde
Så var det å ta beina fat og komme seg ned att. Når vi kom ned til Bekkjavatnet tok vi ei lita puse, og Mac fekk bada litt. Han storkosa seg og løpte etter pinnane vi kasta :)
Bekkjavatnet

Flott gapahuk
Her var det utruleg flott laga til, og kan tenke meg at det er flott om sommeren. Her kan ein slappe av på benkane, bade og grille. Ein kan og gå rundt vatnet :)

Når vi gjekk vidare nedover til bilane, møtte vi på ein hoggorm, fysja meg, den låg der og fres til oss, var jo så vidt vi tørte å gå forbi eller vi løpte forbi... Dette er jammen meg nokre ekle dyr

No ligger Mac og er rolig og fornøyd, trur han har savna det at vi går i fjellet. Håper det ikkje blir lenge til neste gang.

No får eg sette meg ned å lage eit babykort :)
Ha ein fortsatt fin onsdagskveld og veldig hyggelig at du tok ein titt her :)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...