torsdag 28. juni 2012

Langhelg i Bergen :)

Etter jobb på torsdag den 21.06, var det rett heim for å pakke og sette oss i bilen for ei Bergenshelg. Vi tok oss ei lita pause når vi kom over til Oppedal. Der fant vi ein koselig liten rasteplass og vi fekk til og med prøvd oss på gamle kunster, nemlig å disse ;)
Vi gjekk tilbake i barndommen

Ein fin rasteplass vi fant

Når vi endelig kom til Bergen og hotellet, gjekk vi ut for å finne oss litt mat. Men først fant vi ut at det var nattope i Byen, så vi gjekk og kikka litt :) Når vi endelig kom på at det var mat vi var ute for, så begynte det å nærme seg stengetid for dei fleste, enten så var det stengt eller så fekk vi beskjed om at dei hadde nett stengt. Men ikkje på Dolly Dimpel`s på Torgalmenningen. Sjølv om det berre var 30 minutter til dei stengte fekk vi komme inn og kjøpe oss mat, og når dei stengte fekk vi lov å sitte til vi var ferdig å ete, når vi endelig var ferdig var dei like blide sjølv om kl var blitt over 01...  Vi var så glad vi fekk i oss mat og fekk ikkje takka dei nok :)

Fredagen kom og eg gjekk no å trakka litt for meg sjølv, det er jo så masse å sjå på i Bergen.
Bryggen like vakker som alltid

Fekk sett litt av NM i sykkel

Om kvelden var vi på Jarle Bernhoft konsert på Bergenfest. Den var på Plenen på Bergenhus Festning.
Jarle Bernhoft konserten med band
 Etter konserten gjekk vi oss ein liten tur før vi gjekk til hotellet :)

Lørdagen tok eg meg ein tur til Fløyen etter gamalt, tok banen opp og gjekk nedatt. Det var litt regn i lufta, men det gjorde ingenting :)
Fløyen

Utsikta
Nokre eg traff på min vei ;)

Gjekk nedigjen

Når eg kom tilbake til hotell, gjekk eg og John ut for å kikke litt. Vi bestemte oss for å ta Beffen frå Bryggen og over vågen. Denne sjarmerande ferja har vore ein delav Bergen sentrum si sjel i over 100 år. Den går kvert 10 minutt og kostet berre 20 kr for voksne. Turen tok ikkje mange minuttane :) Artig å få tatt denne turen :)
Beffen ;)

Statsraad lehmkuhl
Lørdagskvelden traff eg to venninner som eg ikkje har sett på fleire år. Vi gjekk på Egon og åt. Ein fin kveld. Når eg kom tilbake til hotellet, skulle John besøke ein kompis og eg blei med. Det nærma seg slutten på ei fantastisk flott helg :)

Søndagen kom og eg gjorde ingenting. Vi reiste frå Bergen rundt kl 14 og satte kursen mot Florø att. Sidan vi kom oss så tidlig avgårde bestemt vi oss for å reise innom Bjørn West museet. Museet har namnet sitt etter ein geriljabase som blei etablert i fjellområdet rundt Matre dei siste 6 månadene av 2. verdskrig. Du kan lese meir om museet her :)
Bjørn West museet





Når vi kom over med ferja, tok vi turen om Guddal og kom ned til Dale. Ikkje rare bredda på veien, men det blei ein fin omvei :)

Vakert :)
Vår lille omvei ;)

Vi hadde ein matpause i Førde. Så var det å hente hunden hos svigerforeldrene som var så snill og passe han for oss :) Det var ein stykk gla hund som møtte oss. Og han for rett i bilen for å vente til vi skulle kjøre, kanskje han va redd vi skulle reise frå han att ;)
Tusen takk til min kjære som ga meg ei fantastisk langhelg i Bergen
Då er det vel på tide og avslutte dette lange innlegget og takke for titten. Ha ein flott torsdag :)

1 kommentar:

  1. Dette har nok vore ein fin helg og godt utnytta ser det ut for også:)Dokke har fått med dokke mykkje kjekt på turen. Fine bilder og ein glede for meg å få vera med på visuellt noko eg set stor pris på:):)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...