lørdag 8. september 2012

Saltgruvene og Krakow

Dag to i Krakow tok vi oss ein tur til Saltgruven Wieliczka, dette er noko ein bør få med seg om ein planlegger ein tur til Krakow. Dette er ein av verdens eldste saltgruver. Vi hadde ein guida tur og vi kom ned på 3 forskjellige nivåer og 135 meter under bakken (det er 9 nivåer og 327 meter under bakken).

Først måtte vi gå masse trappetrinn...
Langt ned...
John meinte eg ikkje kunne stoppe opp for å ta bilde av trappa, eg stoppa visst opp køa... Men bilde skulle eg no ha uansett. Veit ikkje ka han bekymra seg for, for like etterpå måtte vi stå i ro i fleire minutter.... Og det var hvertfall ikkje min feil.... Men tilslutt kunne vi fortsette vår ferd nedover trappene...
Bilder frå saltgruva



Eg gjekk ofte og tussla for meg sjølv og var ein smule redd for at eg skulle rote meg vekk, eg huska nemlig ka guiden fortalte oss før vi begynte. Vi måtte gå i gruppa for visst ikkje måtte ho begynne og leite etter oss og det var ein tidkrevande jobb, det var jo ikkje akkurat lite der nede. Så eg skulle hvertfall ikkje bli huska som nordmannen som rota seg vekk i Saltgruva. Men bilder måtte eg jo ha, og John lova på tru og ære at han skulle passe på meg, og vente på meg eller komme og sjå etter meg visst eg blei for lenge vekke. Eg stolte fullt ut på han...
Hmm kor blei gruppa mi av og ikkje minst kor blei John av??? Jaja eg finn dei vel att like rundt hjørne, men neida... Kjente hjerte gjorde nokre hopp då ja... Men eg fant ut at eg fekk no berre følge veien, til slutt hørte eg guiden prata og eg kunne endelig slappe av. Der stod John midt i gruppa og følgte nøye med og filma. Glømt var visst at han skulle passe på meg... Etter det blei han litt flinkare ;)
St. Kinga


Det flottaste rommet på denne turen var St.Kinga kapellet. Den ligger 135 meter under bakken.

Vi nærma oss slutten av turen, og eg er heilt imponert over ka dei har klart å få til med salt og stein inni denne gruva. Eg er veldig glad vi tok turen innom her :)
Då er vi komt oss ut att :)
No bestemte vi oss for å kjøre inn til Krakow, slik at vi fekk sett litt der og før vi skulle reise vidare.



Krakow


Vi fekk parkert bilen i eit parkeringshus og begynte på vår vandring. Men først fekk eg eit etterlengta bilde av hestane og kjerra som eg såg kvelden før :)
 Etter bildene av hestane traff vi på ein elektrisk liten bilsak med guide... Den hadde tom norsk tale ;)
Ein liknaden "bil" som guida oss rudnt i Krakow
Vi fekk sett masse på den turen, men mange av bildene blei tatt i fart. Vi var innom gammlebyen,Jødiske kvarteret Kazimierz, den jødiske ghettoen og Oscar Schindlers Fabrikk. Men kunne gjerne tenke meg å fått kikka litt meir enkelte plasser. Men det betyr vel berre at vi må ta turen tilbake til Krakow ein dag :)

Jødiske kvarteret

Jødiske kvarteret

Jødiske ghettoen
Vi hadde ikkje tid å gå inn på museet, men fekk no tatt litt bilder utafor Schindlers Fabrikk
Oscar Schindler fabrikk

Teateret

Krakow



På markedet, her fekk vi helse på hestane :)
Masse fint og kikke på, skulle gjerne hatt meir tid til å sjå meg rundt her...
Ein artig liten bil, som hadde skilt på seg...
Når vi var ferdig reiste vi tilbake til hotellet og skulle slappe av litt før vi skulle ete ein bedre middag på hotellet. Men dei stengte tidlig i resturanten, så vi måtte jammen kjøre innatt til Krakow, heller ikkje der var det så lett å finne ein resturant for å få oss litt mat. Til slutt enda vi opp med noko kyllinggreier...
Litt bilder frå hotellet må eg legge ut og :)
Romantisk bord for to

Her åt eg frukost siste dagen, herlig og sitte ute og nyte maten

Bilder frå hotellet og hotellets hund :) Han hadde to stola som seng, pute og teppe hadde han og :)
Trappa på hotellet :)
Då får eg avslutte dette innlegget og. Håper du har kosa deg med å lese om turen vår til Krakow. Takk for titten :)


4 kommentarer:

  1. Kjempeflott innlegg, selv om jeg ikke er helt enig i at jeg ikke passa på deg i saltgruvene altså, hi-hi :P
    En herlig tur var det :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Nei du er vel ikkje enig i det. Men ein flott tur det var der ja :)

      Slett
  2. Åsemoren og papen.9. september 2012 kl. 12:56

    Å vera med på turen her gjorde opp får regnet som sipla ned her i dag:)Virkeleg interessant bodde skildring og bilde.:D

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt at dokke likte og "vere" med på turen, og takk for kommentaren :)

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...