søndag 2. mars 2014

Slettevarden (697 moh)

Idag måtte eg og Mac ha oss ein fjelltur. Lenge sidan sist vi har hatt ein tur i fjellet. Vi kjørte til Grytadalen og hadde ikkje heilt bestemt meg for kor eg skulle gå. Lurte på om eg skulle gå til Terdalskeipen, men enda opp på Slettevarden. Der har eg aldri vore før, så det er jo kjekt å gå ei ny rute. Og når man ikkje er heilt sikker på ruta, ja då er det fint å ha UT.no på mobilen :)

Det var ein fin tur, men det blåste godt... Men litt bilder blei det no tatt allikavel :)
 
Det er ikkje masse som tyder på at det er vinter... Det går ikkje an å gå på ski på fjellet ein gong...


Koser meg på tur :)
Ikkje mykje snø...

Vi næma oss toppen :) Eg må ærlig innrømme at eg ikkje fant den heilt med ein gong, men så snudde eg meg litt og der såg eg plutselig varden :)
Slettevarden


Bilden som blei tatt på Slettevarden blei tatt i full fart. Det blåste godt og blei fort kaldt. Så det blei ikkje lange stoppet der... Det er ein fin tur, så denne får prøvast igjen til våren :)
Badenymfa Mac ;)
Bade kan ein visst gjere året rundt ifølge Mac. Han brydde seg ikkje om det var is rundt han... Eg drømt berre om ein varm kakao, og forstod ikkje heilt Mac sin glede over å bade i kulda...
Kakaoen måtte nytast når eg kom nedatt til bilen. Og Mac fekk seg litt "snop", må jo få litt belønning når han har vore flink :)
No er både "matmora" og Mac fornøyde.
Ønsker alle ein fortsatt fin søndagskveld og Fastelavn :) Takk for titten.

2 kommentarer:

  1. Dette var kjekt å sjå bilder av. denne turen, lenge siden eg har vore på Slettevarden.Kunne gått ha tenkt meg ein tur i lag med dokke neste gang om de skal på tur <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja du må gjerne bli med på tur, då får Mac gå i band heile tida ;)

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...