lørdag 5. april 2014

Eikefjordstøylen/Hovlandstøylen

Sidan det var så fint vêr idag, og det var sagt dette var siste dagen med fint vêr, ja då kan ein jo ikkje la ver å gå ein liten fjelltur :)
Idag tok vi turen til Eikefjordstøylen og gjekk vidare over til Hovlandstøylen. Ein kjempefintur. Her har dei laga fin sti til ein tek av til Eikefjorstøylen.
Vi kom oss opp :)

Når vi hadde skrevet oss inn i turboka, gjekk turen vidare mot Hovlandstøylen.
Fin tur å gå over til Hovlandstøylen og Mac kosa seg i snøen som var att.

Måtte jo ta litt bilder, sjølv om turen er gått mange ganger ;) Blir nok aldri lei den fine utsikta. Til og med Mac nyter utsikta ;)

 

Mac lura på ka eg skal med alle desse bilda, han meiner nok det er sløsing med tida ;) Han har nok lyst å gå, uten alle desse stoppa matmora skal ha for å knipse bilde...
Etter litt knoting, skulle ikkje tru eg hadde gått her før, kom vi oss til Hovlandstøylen... Det er ein nydelig plass... Og ei flott utsikt.

Så begynte vi på nedoverturen og no har dei laga fin sti til Rasteplassen. Godt å sleppe å gå med hovedveien...
 

 Mac måtte ha seg eit bad for å kjøle seg ned litt. Kosa seg i vatne han her karen

Så kom vi ned til bilen og Mac meinte nok at no var det nok bilder, no gidd eg ikkje meir av denne bildetakinga di...
Nei no får det vere nok

Vil ikkje bli tatt bilde av meir...
Imorra er det jammen meg hobbydag, eller seinare idag blir det vel :) Og det er berre ei veke til Edinburgh tur, gleda meg veldig til det :) Takk for titten og ha ei flott helg :)







1 kommentar:

  1. Herlege bilder av turen Annelen, du er flink. Har vore litt oppteken i hagen for tiden så eg er lite på pcen for tiden.
    Og så blir det fin tur til Edinburgh til helga. Ha ein fin tur og kos deg.Skal prøve å få ein tur på fjellet med Mac på søndag.God tur då Annelen !

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...