lørdag 1. august 2015

Ramsdalsnipa

Eg er ikkje den kjapaste til å blogge, men no får eg skrive litt om fjellturen eg og Mac hadde når eg kom tilbake frå ferie. Dei siste dagane av ferien måtte nytast. Planen var Strandanipa, men når eg kom inn der vi kan parkere stod det ein del bila. Så då ombestemte eg meg. Mac er jo ikkje så glad i andre hunda og det kunne jo vere det var ein hund med. Og jammen hadde eg rett, men itillegg var det to stykker fra min tidligare jobb som var der opp og... Hadde vore koselig å truffet dei då.. Men eg og Mac fikk oss ein flott tur til Ramsdalsnipa vi, litt variert vêr, sol, regn og skodde... Flott tur blei det allikavel :)
Det er jammen godt å komme seg ut og berre nyte den vakre naturen vi har rundt oss :) Og dette har eg jammen savna når eg har vore på ferie. Då blir det ofte litt late dager ;)
Bading må til. Trur aldri han her blir lei av å bade. Og han blir jo så lykkelig og glad når han finner seg ein damm, den trenger ikkje og vere så stor heller. Og om det er gjørme der er det jo enda bedre ;)

 Ååå sjå her er jo snø. Eg må berre bort å rulle meg litt ;) Skal ikkje mykje til for å glede den her karen ;)



Mac nyter utsikta, eller høyre han noko??
Heldige meg som kan nyte slike dager. Og ikkje minst som har ein slik god turkammerat, han seier aldri nei til ein tur i fjellet :) Mac fant ut han skulle rive opp ei busk, slikt liker han å drive med om eg tek for lang fotopause ;)
Vi nærma oss målet

Mac har funne seg ei busk han angriper


Jammen kom vi oss på toppen denne gangen og. Sjølv om det var litt kaldt og eg hadde jo kledd meg for ein sommertur. Det blei ikkje lange stoppet på toppen, men nokre bilder fekk eg tatt. Det var kladt å stå i ro og jammen kom det litt skodde sigande. Har opplevd å få skodde på tur før og den kom fort og null sikt, skummle greier... Denne gangen var det ikkje så masse og den forsvant like fort som den kom :)
Ramsdalsnipa

Varden

Litt bilder på vei nedover må og til. Huff jammen blir det nokre bilder på turane vi har. Når eg ser gjennom bildene etterpå, då skjønner eg jo at Mac kan bli utålmodig... Men det er jo så kjekt med bilder ein kan ta fram og sjå på, og ikkje minst mimre litt :)




Snart nede att
Mac er fornøyd og gleder seg alt til neste tur ;) Lurer på kor matmora har tenkt å ta meg med då, blir sikkert ein flott topp det og :)
Macegutten ♥

No er det jo ei stund sidan denne turen, og eg har alt jobba i to veker. No er det helg og fri og den skal nytast. Ha ein fin dag og takker for titten ♥

2 kommentarer:

  1. Var ikkje det den turen vi hadde i fjor? Eg var ikkje med heilt opp,men du verden for ein fin tur det var. Har gleda med mange ganger over kor fantastisk det var å kunne gå i fjellet at.

    SvarSlett
    Svar
    1. Jo dette var turen vi hadde i fjor :) Det var ein hyggelig tur :)

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...