På onsdag den 19.08 blei det ein flott tur i fjellet. Og eg gjekk med ein tidligere kollega, Vigdis og ei venninne av ho. Dette var ein flott tur som kan anbefalast. Vigdis stod i veien og tok imot meg. Gjekk opp med skytebana. Det kjem ein del bilder i dette innlegget...
Var litt tungt å gå begynnelsen, var litt myrete,men når vi kom forbi det partiet var det ganske greit å gå :) Og der var ein del innpåslitne klegga... Beit gjorde dei og...
Når eg skulle finne fram mobilen for å ta bilder, for det er jo viktig med bilder, fant eg fort ut at den låg att i bilen... Men Vigdis tok masse flotte bilder for meg :)
|
Nydelig |
Det var ein flott dag i fjellet og eg var litt bekymra for om det kom til å bli for varmt for Mac, men heldigvis var det masse vatn han kunne avkjøle seg i. Og han ploppa uti alle som var nesten ;)
|
Badehunden |
|
Vi går og vi går |
Nydelig på vei mot Blånipa, litt tungt innimellom, men eg synst det var verst i begynnelsen, når vi kom opp og begynte å gå på berg, vart det mykje lettare.
|
Herlig og solfylt dag i fjellet |
|
Mac har vore og bada igjen ;) |
Herlig dag og Mac kosa seg i vatn og snø. For det var jo snø her og han kunne rulle seg i. Eg trur ikkje eg har gått ein tur i sommer uten at han har funne seg snøflekka :)
|
Snø og avkjøling |
|
Litt bratt innimellom |
Litt bratt enkelte plasser og eg kjente det jammen i låra mine dagen etterpå ;) Men då har eg hvertfall fått trimma meg.
|
Mac koser seg på tur |
Vi er komt oss opp alle sammen :) Det blåste ein del på toppen og eg hadde jo ikkje berre glømt mobilen i bilen, der låg jakka mi og... Eg må visst pakke alt i sekken, slik at eg får alt med meg...
|
Blånipa |
Godt fornøyd med at vi er komt oss opp :) Mac med flaggrende øyre ;)
|
Tre glade damer og ein hund ;) |
|
Eg og Mac har nådd ein ny topp |
|
Eg og min gode turvenn |
Eg og Mac var veldig glade for at vi blei med på denne turen, og veldig hyggelig turfølge :) Takk for at du tok ein titt, no er jammen friveka mi over og inatt er det tilbake på jobb... Friveka fyker avgårde, føler eg nett er begynt på frien eg ;)
Ha ein flott dag :)
Her var det mange fine bilder og duverden for ein fin utsikt det er på slike turer.
SvarSlettEr ikkje dette rekrasjon så veit ikkje eg .