mandag 24. august 2015

Blånipa 1121 moh

På onsdag den 19.08 blei det ein flott tur i fjellet. Og eg gjekk med ein tidligere kollega,  Vigdis og ei venninne av ho. Dette var ein flott tur som kan anbefalast. Vigdis stod i veien og tok imot meg. Gjekk opp med skytebana. Det kjem ein del bilder i dette innlegget...


Var litt tungt å gå begynnelsen, var litt myrete,men når vi kom forbi det partiet var det ganske greit å gå :) Og der var ein del innpåslitne klegga... Beit gjorde dei og...
Når eg skulle finne fram mobilen for å ta bilder, for det er jo viktig med bilder, fant eg fort ut at den låg att i bilen... Men Vigdis tok masse flotte bilder for meg :)
Nydelig

Det var ein flott dag i fjellet og eg var litt bekymra for om det kom til å bli for varmt for Mac, men heldigvis var det masse vatn han kunne avkjøle seg i. Og han ploppa uti alle som var nesten ;)
Badehunden

Vi går og vi går
Nydelig på vei mot Blånipa, litt tungt innimellom, men eg synst det var verst i begynnelsen, når vi kom opp og begynte å gå på berg, vart det mykje lettare.





Herlig og solfylt dag i fjellet

Mac har vore og bada igjen ;)
Herlig dag og Mac kosa seg i vatn og snø. For det var jo snø her og han kunne rulle seg i. Eg trur ikkje eg har gått ein tur i sommer uten at han har funne seg snøflekka :)
Snø og avkjøling

Litt bratt innimellom
Litt bratt enkelte plasser og eg kjente det jammen i låra mine dagen etterpå ;) Men då har eg hvertfall fått trimma meg.





Mac koser seg på tur

Vi er komt oss opp alle sammen :) Det blåste ein del på toppen og eg hadde jo ikkje berre glømt mobilen i bilen, der låg jakka mi og... Eg må visst pakke alt i sekken, slik at eg får alt med meg...
Blånipa





Godt fornøyd med at vi er komt oss opp :) Mac med flaggrende øyre ;)
Tre glade damer og ein hund ;)

Eg og Mac har nådd ein ny topp

Eg og min gode turvenn

Eg og Mac var veldig glade for at vi blei med på denne turen, og veldig hyggelig turfølge :) Takk for at du tok ein titt, no er jammen friveka mi over og inatt er det tilbake på jobb... Friveka fyker avgårde, føler eg nett er begynt på frien eg ;)
Ha ein flott dag :)

1 kommentar:

  1. Her var det mange fine bilder og duverden for ein fin utsikt det er på slike turer.
    Er ikkje dette rekrasjon så veit ikkje eg .

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...