onsdag 9. mars 2016

Brandsøyåsen

I helga hadde eg og Mac oss ein fin tur til Brandsøyåsen, og må sei kontrasten var stor frå vi begynte på turen til vi kom oss opp på toppen :) Fra begynnelsen av turen fekk eg nesten litt vårlig følelse, men den forsvant jo lengre opp vi kom...
Våren nærma seg
Mac blei gladere og gladere når vi kom litt oppover, der låg jo snø han kunne rulle og kose seg med ;)

Mac kosa seg i snøen
Eg begynte å angre på at eg gjekk med små tursko... Og uten brodda med meg...
God opptrakka sti :)
Men opp kom vi. Rart å komme frå litt vårfølelse til full vinter ;)
Og utsikta var like fin denne gange ;)

Flott utsikt til Florø og øyane

Jammen er det godt å komme seg ut. Denne gange gjekk vi ein rundtur, gjekk opp stien på Solheim og gjekk ned veien eit stykke før vi tok av og kom ned med Brandsøy skule.

Fin lørdagstur

Takk for titten og ha ein flott dag :)


1 kommentar:

  1. Herleg å komme seg ut på tur!Vi er heldege med så fin natur rett utanfor stovedøra.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...