søndag 19. februar 2012

Fastelavn :)

Ja idag er det fastelavn, på fredag kjøpte eg fastelavnris, det er jammen meg lenge sidan eg har hatt. Og så støtta eg ei god sak :) Sidan eg ikkje er den fødte baker og ikkje lika krem, så blir det kjøpebolla med vaniljekrem her... John meina at det er jo ikkje fastelavnsbolla. Men det er eg som laga det og slik blir det ;) Huff fekk eg litt dårlig samvittighet for at eg ikkje kjøpte litt vanleg krem til han, jaja...

Igårkveld begynte det å snø att, hadde no berre snøen kunne lagt, men det er vel ikkje lenge til det begynner og regne att. Begynner å forstå dei som er skikkelig vêrsjuke no. Er begynt å drømme om å kunne reise til varmere strøk, er fryktelig lei vêret vi har. Og eg veit det ikkje hjelper å klage på det og eg pleier ikkje å gjere det. Men no føla eg det har vore dårlig så veldig lenge... Idag er det sol, det snør, det hagla... Men flott er det når sola kjem fram :)


Dette er langfrihelga mi, og på fredag måtte eg kjøpe ein potteplant med litt blomst på, ein krysantemum trur eg den heiter :) Måtte ha litt vårtegn her :)
No skal eg sette med ned med hobbyen min og prøve å lage ei albumside og kanskje eit kort. Men med så lang tid eg bruka på eit prosjekt, så blir det vel berre albumsida eg blir ferdig med...:)
Ha ein fortsatt fin fastelavenssøndag og hjertlig takk for titten :)

1 kommentar:

  1. He, he vi har gløymt heile fastelaven,så eg tenkte eg fekk laga boller sjølve denne gangen endå eg veit at baking ikkje er min sterke side
    Ikkje mjøl,så då får det vera denne gangen:)
    Fastelaven er også med vaniljekrem,godt er det også:)Fint lys i bildene du har her.
    Ha ein fin dag!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...