søndag 21. september 2014

Ramsdalsnipa (766 moh)

På onsdag fekk vi oss ein fjelltur og denne gangen blei svigermor med og. Var kjekt med selskap :) Denne gangen hadde eg tenkt meg på Heia og Ramsdalsnipa. Svigerfar kjørte oss, sidan min bil ikkje er så kjørbar for tida og John måtte neste få ha ein bil heime.

Som alltid så blei det ikkje fulgt sti heile veien, men vi kom oss no opp til masta, etter det var det god sti og godt merka... Sjølv om det var god sti opp og, det var berre vi som ikkje gjekk der...

Turen er ganske bratt opp, men etter Masta var det fint å gå. Når vi kom opp til masta hadde vi ei lita matpause og Mac fekk seg og ein liten matbit, snille svigermor hadde med niste til han og ;)
Godt fornøyd


Etter masta var det god merking og veldig fint å gå. Eg har aldri vore der før, i så fall var det når eg var liten og på ski med mine foreldre.

Mac tok seg eit par gjørmebad, så eg vart glad når eg såg vatn han kunne bade i. Mac kosa seg stort...
Badeglad Mac




Full fart, kem skal eg riste meg på no ;)
Mac fant seg ei rot han skulle ha opp, det tok ikkje lange tida før han hadde røska den opp ;)

 Det var ein herlig sommerdag på fjellet, det er jo heilt utrulig at vi er i september og høstmnd... Blei tatt litt bilder, men ikkje så masse som eg pleier.



Tøffe og flinke Åsemor




Mac kosa seg når vi kjem oss på fjellet og jammen klarte eg å ta eit flott bilde av denne nydelige turkompisen min ♥ ♥
Gogutten
Opp til sjølve toppen gjekk eg og Mac aleine. Der traff eg ei eldre dame og mann, koselig med ein liten prat på toppen og som fortalte ka dei ulike toppane heiter. Det er jammen sjelden eg møter folk når eg går å traska... På toppen blei det eit lite stopp, men så kom eg på at svigerfar satt å venta på parkeringa... Og svigermor satt og venta på meg...

Ramsdalsnipa

Det var best å komme seg nedover....







Det tok ikkje så lang tid å komme seg ned, sjølv om eg begynte å lure på kor i alle dager eg satte frå meg svigermor... Der eg trudde ho skulle vere, var ho ikkje... Jaja tenkte, eg skulle ikkje klare å gå rett i dag heller nei, med kjempegod sti (som eg følgte!!!). Så ser eg ei dame som kjem mot meg, mens eg stod der å klødde meg i haue, så seier ho at ho var gått nedover og venta på meg der med masta. Då var det mysteriet løyst ;) Og med masta var ho, då var eg glad for å sjå ho ♥

Frå masta gjekk vi ned rett vei, det var bra bratt der og.

Ho dama hadde sagt til Åsemor at ho pleide å gå over tunnelen ned att. Kanskje det må prøvast neste gang eg går der :)Sikkert lettare å gå der..

Takker for titten, ha ein flott dag :)

1 kommentar:

  1. Tusen takk for ein fin tur Annelen og Mac.Flotte bilder! Dette inspererer til fleire turer.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...