mandag 8. juni 2015

Litlevatnet i Norddalsfjorden

For ei lita stund sidan gjekk eg, Mac og John på tur i Norddalsfjorden. Vi parkerte ved gravplassen... Som oftast går eg og Mac aleine på tur, så dette var jo ekstra koselig :)




Det er litt bratt i starten, men når du kjem ned til vatnet er det fint å gå. Og ein fin tur å starte med når det er lenge sidan ein har gått på tur. Mac kosa seg og, han fekk gå laus heile tida når vi kom ned til vatnet. Der hadde vi god oversikt om det kom nokon. Han går veldig fint uten band, mykje flinkare då enn når vi har band på han. Kosa seg med pinner og bading gjorde han og :)


Vi gjekk så langt veien førte oss. Vi kom oss over bekken og gjekk litt til, men fant ut at det blei for vått. Men vi fekk ein flott tur ilag :)




Skal du ikkje dele litt vatnet med meg eller ??

Ein flott tur på fridagen min. Og dette var min 2 tur på kort tid. Før på dagen gjekk eg og Mac til Gapahuken på Klavelandet. Her er litt bilder frå den turen og ;)

 










Kan vere litt vanskelig å finne der ein går opp om ein ikkje er kjent. Men ein parkerer ved båthavna og må gå litt i grøft til hovedveien...
Parkeringsplassen

Då ønsker eg deg ein flott dag og tusen takk for titten. No nærma det seg jammen sommerferie og... Tida fyker. Men kan ikkje sei det er masse ute som minner om sommer. Idag er det faktisk sol, men vinder ødelegger alt...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...