onsdag 5. august 2015

Strandanipa 668 moh

Endelig kom det ein finværsdag, det har ikkje akkurat vore mange av dei. Så då måtte jo eg og Mac ha oss ein tur. Og denne dagen kom vi oss opp på Strandanipa. No er det jo ei stund sidan denne turen og... Denne blei gått heilt i slutten av ferien min. Dette er ein tur eg har hatt lyst å gå ei stund, og endelig kom eg meg dit, og er nok ein tur eg kjem til å gå igjen. Nydelig tur :)



God sti å gå på
Her på Kvile kan du ta ein pust i bakken og nyte utsikta. Mac meinte det var berre tull og tøys og fekk viljen sin. Vi trakka vidare :)
Kvile


Utsikt på vei opp
Ein liten pust i bakken før vi går vidare til Strandanipa :)
Mac koser seg
Vi nærma oss toppen :) Fantastisk utsikt. Turen er godt merka og det er ingen problem med å finne fram.

Så kom vi oss på toppen og kunne nyte den flotte utsikta. Er det ikkje flott vel?

Mac virka og fornøyd med turen, trur han nyter stillheten han og ;) Det einaste vi hørte var bjøllene til sauane som gjekk på beite :)

Mac


Meir utsikt
 Så var det å komme seg nedatt.
Nok ein fin tur i fjellet er snart over. Og enda kjekkare at det blei ein topp vi aldri har vore på før :)
Nærma oss bilen

Ønsker alle ein flott dag og takker så masse for titten :) Denne turen kan eg anbefale.




2 kommentarer:

  1. Herlege natur sjønne bilder Annelen! Takker for fin visuell tur i dag

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...