mandag 20. juni 2016

Vetvika - ei naturperle

Endelig skulle eg få komme meg til Vetvika i Bremanger, denne har eg drømt om ei stund. Plassen du enten må ta deg ein fjelltur til eller komme sjøveien. Det blei tidlig opp for ei nattugle, kl 07 var det avreise frå Krokane igår søndag.
Og advarsel er gitt, det blir mange bilder her ;)
For ein fantastisk tur, denne turen kan anbefalast. Vi gjekk frå Svarstad, kor vi møtte Keipen Turlag og Indre Sunnfjord Turlag.


I starten følger ein veien som går opp til fjernsynssendaren på Steinfjellet.


Eg ville helst gå med nokre som va kjent første gangen, men trur eg skulle ha funnet fram aleine og. Turen er godt merka :)
Noko dårlig vêr i starten, kaldt, skodde og skodderegn, men det blei berre bedre og bedre vêr :)

Her tok vi av med veien og begynte turen mot Vetvika



Lang lang rekke



No nærma vi oss og det begynner å opne seg og vi ser sjøen. Då er det berre å håpe på at skodda ikkje ligg der nede og ødelegger utsikta... Men når eg begynte å sjå sjøen, begynte trua på at skodda ikkje var der nede :)

Og skodda låg ikkje der nede og synet er nesten ubeskrivelig... Noko så flott... Her hadde vi ei lita matpause før vi begynte på nedstigninga.

Eg ute på kanten, fornøyd med at skodda ikkje låg over vetvika

Vetvika der nede
Etter ei pause og felles bilde, begynte nedstigninga. Og Vetvika kom nærmare og nærmare. Og det var bratt ned... Men vi kom oss alle heile ned :) Gjekk heilt fint å komme seg ned.
Vetvika

Nå vi kom ned fekk vi ca 1,5 time, der vi kunne gjere det vi ville. Så då valgte nokre tøffinger å bade. Fekk jo sydenstemning med den fine stranda, men den følelsen forsvant når stortå skulle kjenne på tempen... Brr kor kaldt det var...
Flott strand


Når vi satt der så blei det plutselig ei opning i stranda og vatnet som låg inne på stranda berre rant ut.
Stranda lagde plutselig ei opning
Etter ei lita pause tok vi turen ut til kirkegården. Var ikkje mange steinane der og ein uten navn. Var forferdelig med brennenesler mot kiregården... Og det svei til tider godt på leggane ;)

Kirkegården

Huset held på å bli pussa opp etter at orkanen i januar ødela taket.

Så var pausa over og vi skulle begynne på oppstigninga att... Vi tok turen ut til bautasteinen. Turleder og kjentsmann kunne fortelle at steinen var utstyrt med eit hode fra gamalt, men steinen hadde mista det når ein mann hadde komt over fjellet og slått av hodet.

Jammen har dei ein kannestein i Vetvika og ;)

Bautaen
Så gjekk turen mot ura, for å komme seg oppatt...
Solheim gård

Utsikta fra Solheim gård
Lettaste veien heim att går om Ura står det i ut.no. Då følger du merkepinnane til Solheim og langs nordsida av Solheimsvatnet. Ved enden av vatnet tek ura til med jamn stigning til ca 450 høgdemeter. Så då var det berre å brette opp armane og begynne på turen tilbake...


Solheimsvatnet

Snart begynner oppstigninga
Det var godt med litt pauser innimellom ;) Og flott utsikt mot Solheimsvatnet...
Solheimsvatnet

Godt med ei lita pause


Så forsvant Solheimsvatnet frå utsikta. Eg gleda meg alt til vi skulle få gå litt slakt :)

Og så var berre resten att før vi kom nedatt til Svarstad og bilen ;)
På vei nedatt
Sjølv om det var dårlig vêr til tider kom det seg og turen var ein fantastisk opplevlese. Tungt synst eg det var, men kom meg no både opp, ned, oppatt og nedatt :) Kan virkelig anbefale turen. Ha ei fin veke og no er det nok mange som har starta på ferie. Her er det berre å gjere seg klar for nattevakt.
Tusen takk for titten :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...