lørdag 26. mars 2016

Postkasse

For ei lita stund sidan fekk eg ei bestilling på ei postkasse til ei jente. Endelig blei eg ferdig med den :) Så får eg håpe ho blir fornøyd med den :) No er det nokre dager med påskefri for meg og, så no i helga skal eg jammen kose meg med hobby :)

Ein liten fee som passer til ei jente :)
På denne har eg brukt:
Mønsterark: Papirdesign:Forventninger-sommerfugl i solskinn
Dies: Marianne Design, både fe og ballong,
Sommerfugl: Joanna Sheen
Spellbinders:Standard circle Large, Classic Scalloped Circles
Stempel: Magnolia
Alfabet:Quickutz-Tangerine
Annet: Mosegummi med glitter, perler
Postkassa er kjøpt for lenge sidan på Bokuben






På baksida har eg tatt eit stempel frå Magnolia som er fargelagt med promarker. Er ikkje så flink med denne fargelegginga enda, men det er no jammen kjekt allikavel ;)



Ønsker alle ei fortsatt god påske :) Tusen takk for titten :)



torsdag 24. mars 2016

Bryllupskort

No er vi komt godt igang med mars, eg skjønner ikkje kor tida forsvinner her, men jammen har den bein å gå på... I det siste har eg kosa meg med eit bestillingskort, eit bryllupskort som skulle gå i lilla og ha blomsterhjerte og litt større enn 15x15. Dette kortet er 25x15 cm, artig å lage litt andre størrelser :)


På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Bazzill-kvit og lilla
Mønsterark: Papirdesign: Muligheter-si det med blomster
Annet: Rose og
Stempel:Kort & Godt - Kjærlighet
Dies: Decorative labels Eight,
Annet: Hjerte halvperler, Punch: Martha Stewart-sommerfugla

 
Innsida her eit nydelig tekststempel og det fant eg faktisk på Husfliden her i Florø :)
 
Tekst inni


Det var det eg hadde for idag. Takk for titten og ha ein flott dag :)



 


tirsdag 22. mars 2016

Langeland skisenter

På torsdag hadde eg og ei eg jobba med planlagt ein skitur til Langeland. Men det var veldig usikkert om vi kom oss dit... Kvelden før kom det ein stor stein ned og ødela veibane mellom Nautsdal Førde. Ov veien blei stengt. Men jammen opna dei for manuell dirigering kl 09 og vi kom oss på Langeland.



Haha det er jo ei stund sidan vi begge har gått på ski, men eg synst no jammen sant vi var flinke. Litt knoting hadde vi i starten. Men så kom vi oss igang :) Men det var jo litt godt det ikkje var så masse folk i løypa når vi var der ;)



Vi gjekk 5 km og fant ut det var ein god start for oss for denne gangen. Men eg kan gjerne tenke meg tilbake til Langeland, flotte løyper :)


Vi var ikkje så heldig med vêret, men allikavel hadde vi ein flott tur :)

Når vi kom rundt i løypa, satt vi oss ned og kosa oss med litt mat og kakao. Ein skikkelig kosetur :) Og når vi gjekk til bilen att, ja då titta sola fram ;)

Ønsker deg ein fin dag og takk for titten :)




mandag 21. mars 2016

Eikefjordstøylen

Endelig kom friveka mi og no er den over alt... På onsdag var det eit nydelig vêr her i Florø og då måtte jo eg og hunden ta oss ein tur. Ein perfekt start på friperioden min. Det var litt tungt å gå innimellom. Men opp kom vi oss :)



Ser ikkje så ille ut å gå enda ;)


Var ein del snø oppover, men med tida til hjelp, gjekk det bra, sjølv om frustrasjonen kom innimellom ;)

 

Men snøen den kom den

Eg hadde tenkt å gå vidare mot Hovlandstøylen, men eg fant ut det var lurast å gå nedatt. Snøen var ikkje så god å gå i og vi datt gjennom litt for ofte...



Mac kosa seg i snøen


Nydelig utsikt og hund ♥

Men det blei no ein fin tur allikavel. Godt å komme seg ut og bevege seg :)



No var det godt og ikkje gå i snø meir ;)

Når vi kom nedatt til bilen hadde påskeharen vore og hengt ein sjokolade på bildøra mi. Det var ein hyggelig overraskelse å komme ned til...

Haha eg lurte litt på kem det kunne vere, men fant vel ut at dette måtte vere ei eg jobba ilag med eller så var det nokon som hadde hengt sjokoladen på feil dør ;)

No er påskeveka komt og her er det jobbing nesten heile påska. Ønske deg ei riktig god påske og hjertelig takk for titten :)


onsdag 9. mars 2016

Brandsøyåsen

I helga hadde eg og Mac oss ein fin tur til Brandsøyåsen, og må sei kontrasten var stor frå vi begynte på turen til vi kom oss opp på toppen :) Fra begynnelsen av turen fekk eg nesten litt vårlig følelse, men den forsvant jo lengre opp vi kom...
Våren nærma seg
Mac blei gladere og gladere når vi kom litt oppover, der låg jo snø han kunne rulle og kose seg med ;)

Mac kosa seg i snøen
Eg begynte å angre på at eg gjekk med små tursko... Og uten brodda med meg...
God opptrakka sti :)
Men opp kom vi. Rart å komme frå litt vårfølelse til full vinter ;)
Og utsikta var like fin denne gange ;)

Flott utsikt til Florø og øyane

Jammen er det godt å komme seg ut. Denne gange gjekk vi ein rundtur, gjekk opp stien på Solheim og gjekk ned veien eit stykke før vi tok av og kom ned med Brandsøy skule.

Fin lørdagstur

Takk for titten og ha ein flott dag :)


lørdag 5. mars 2016

Vårlig utfordring hos Papirlosjen :)

No har vi komt igang med mars og eg håpa det snart begynner å våres ute. Det skal bli deilig med lysare dager :)
Men no er det altså tid for ny utfordring i Papirlosjen og denne gangen vil vi se "Vår i luften". Og det er jo et tema som passer fot mars.
Denne gangen har vi fått nydelige digigstempel fra All dressed up.


Dette har eg brukt på kortet:
Kartong: Bazzill-kvit og pansy
Mønsterark: Maja Design-Enjoying outdoors-I'm happy. 
Papirdesign-Forventning-Blomsterduft
Stempel: All dressed up- Springtime
Annet: Ramme: Wycinanka
Punch: Martha Stewart-3-1 Classic Butterfly
Alfabet: Jillibean-yam yellow
Motivet er fargelagt med promarkers 

Bak chipboards "ramma" har eg mønsterpapir og klem har fått ein påskegul farge ;)

Innsida har ikkje fått noko tekst enda, Då eg ikkje er sikker på kem som skal få dette kortet her :)
Tusen takk for titten og ha ei fantastisk helg :)


tirsdag 1. mars 2016

Utfordring hos Papirplaneten, baby/barn/dåp

No er vi jammen komt til 1. mars og det blir lysare og lysar ute. Det er godt å vite at våren nærma seg:) No er det klart for ny utfordring hos Papirplaneten, denne gangen er det baby/barn/dåp som er temaet. Og du kan lage det du måtte ønske innen temaet. Bli med på utfordringa då vel :)
Mitt bidrag denne gangen er eit babykort.
På dette kortet har eg brukt:
Kartong:Bazzill-Kvit og Stonewash
Mønsterark. Maja Design: Vintage Baby-Welcome little one, Newborn og Adorable
Dies: Spellbinders: Classic Ovals Large, Classic Scalloped Ovals Large
Decorative elements label 40,
Heart Circles kan du finne her 
Stempel: Kort & Godt, 
Kreativ Hobby, rundt stempel finn du her
Billett finn du her
Annet: Halvperler




Kortet er 20x30 alle "delane" er prega ved 10 cm. Elles er høyden på dei kortare delane 16 cm og 11 cm.
Tusen takk for titten og ha ein flott dag :)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...