mandag 21. mars 2016

Eikefjordstøylen

Endelig kom friveka mi og no er den over alt... På onsdag var det eit nydelig vêr her i Florø og då måtte jo eg og hunden ta oss ein tur. Ein perfekt start på friperioden min. Det var litt tungt å gå innimellom. Men opp kom vi oss :)



Ser ikkje så ille ut å gå enda ;)


Var ein del snø oppover, men med tida til hjelp, gjekk det bra, sjølv om frustrasjonen kom innimellom ;)

 

Men snøen den kom den

Eg hadde tenkt å gå vidare mot Hovlandstøylen, men eg fant ut det var lurast å gå nedatt. Snøen var ikkje så god å gå i og vi datt gjennom litt for ofte...



Mac kosa seg i snøen


Nydelig utsikt og hund ♥

Men det blei no ein fin tur allikavel. Godt å komme seg ut og bevege seg :)



No var det godt og ikkje gå i snø meir ;)

Når vi kom nedatt til bilen hadde påskeharen vore og hengt ein sjokolade på bildøra mi. Det var ein hyggelig overraskelse å komme ned til...

Haha eg lurte litt på kem det kunne vere, men fant vel ut at dette måtte vere ei eg jobba ilag med eller så var det nokon som hadde hengt sjokoladen på feil dør ;)

No er påskeveka komt og her er det jobbing nesten heile påska. Ønske deg ei riktig god påske og hjertelig takk for titten :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...