søndag 27. mars 2016

Påska går mot slutten

Eg har jobba det meste av påska, men no hadde eg fri igår og idag. Det må vel vere bra med påskefri det;)

Idag er det min tur å komme med litt inspirasjon til vår utfordring Vår i lufta. Sidan det er påske har eg laga ei eske eg kan ha melkehjertesjokolade i. Malen fant eg hos Mayas hobby. For det høyrer vel til litt sjokolade i påska ;) Og eg har kosa meg med nydelig stempel frå All dressed up, med stempelet Little flower girl.


 På denne eska har eg brukt:
Kartong: Kvit og gul
Mønsterark: Papirdesign:Muligheter-Vår i luften
Stempel: All dressed up, Kort & Godt: Tekst
Annet: Papirdesign:Perler
Dies: Spellbinders-Standard Circle Large og Lifestyle craft


Motiv er fargelagt med Promarker:
Hud: Blush og Ivory
Hår: Warm Grey 5,3 og 1 og blender
Kjole og hatt: Gold og Pastell yellow
Kurv: Amethyst, Orchid og Lavender
Sløyfe: Olive Green, Marsh green og Pear green
Fugl: Cinnamon og tan


Sidan Wycinanka og er sponsor for denne mnd, fant eg ut at eg måtte lage ei albumside og. Denne gangen blei dei ei PL side... Det er første gang eg legger ei slik side ut offentlig, og det er ikkje mange sidene eg har laga. Men lika godt denne forma for albumside :) Eg og Mac hadde ein nydelig tur i nydelig vêr
Eg hadde ikkje så masse som passa til av "kort", men det går jo fint an å lage korta sjølv. Her har eg brukt mønsterark frå Papirdesign-Trevegg.
 Ramme og hjerte er begge frå Wycinanka

Tusen takk for titten og ha ein fin dag :)

4 kommentarer:

  1. Koseleg albumside av deg og Mac !

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja ikkje sant ;) Vi hadde hvertfall ein koselig tur :)

      Slett
  2. PL-sida er kanonflott! Så fine detaljer....
    Eska er fin den og altså :-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...