Idag er det lørdag og for meg er lørdag ein kosedag (hvertfall når eg ikkje har jobbehelg). Eg har prøvd å kose meg så godt det lar seg gjere her, lagde meg Stekt ris til kvelds, har sett på Skal vi danse og god kveld Norge :) Og såklart kosa meg med Mac :)
Idag gjekk eg og Mac på tur over Storeåsen, og det var opplett heile turen :) Det er vel ei stund sidan eg har hatt ein tørr hund når eg kjem heimatt frå tur...
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEiHzZ6QHIMfs6tGqUkN0WCwo8vgS5sKghBvOxxHabVyzzqFMqfok4aqcale2S4OYLh1GUUsw_sYZZ50HR48lMSnqFBcZfLQC3Q0o8yc7LFB54MUgJDu1iYjTaokUb_6G6GyYNC14YR8vKLM/s320/IMAG0145.jpg) |
Utsikta på vei over Storeåsen |
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEi0rdManQJavt8SO0zIJNyyAQyIVl0OneUUIdGi8p1Zt7jtZP3aTJj2TPT6fW_Vt_FA0ob-M2iL5ECpv9ftVkqKbrAlRW7z8RS7wkJB4U4qsexZLs7vskvcGfMgTSL1q0p3DILDMi-Qc76m/s320/IMAG0146.jpg) |
Litt meir utsikt |
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEheaLPRR_kecsy_fTh52iILExHZdeJ3aSRrB5zCRxgAn0L97rHiC3sxe1sOMSaRHPdP3nWAbksRMoFZ5Z16hzyvPjwindsBZektZ86z8EhrfWo9TrONDMUKIpzNdPJXeZ-kgc4IUx8R50Qe/s320/IMAG0149.jpg) |
Fine hunden min :) |
Stakkars Mac, han er ikkje heilt fornøyd med å bruke denne Haltigrima, men den fungerer veldig bra med tanke på at han er fæl til å dra når vi går tur. Får håpe den kan fjernast snart :) Bildene er ikkje av den beste kvaliteten, er tatt med mobilen.
På hobbyfronten går det dårlig, er så klar for å lage julekort, men given for hobby er her ikkje for tida...
Då trur eg at eg seier natta :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar