torsdag 1. september 2011

Skålefjellet (765 m.o.h)

Idag er det eit nydelig vêr her i Florø. Eg har ikkje glømt at eg ikkje kom meg heilt opp på Skålefjellet, så idag tok eg og Mac turen på nytt. Og idag kom vi oss opp :) Det er ein veldig fin tur og godt merka sti, men noko vått å gå der. No har vi ein godt fornøyd hund her og ikkje minst ein veldig rolig Mac:)

Utsikt til Florø, på vei opp
Snart oppe :)

Endelig ser vi varden
Vi har nådd toppen :)
Turen opp og ned tok ca 4 tima. Det kom litt skodde igjen når vi var komt opp på toppen. Men ei heilt fantastisk utsikt der oppe.
Og når eg kom heim skulle min kjære til å begynne på middag, idag blir der fårikål. Nam nam :)
Ellers så blir det vel pakking ikveld, eg og ei venninne skal på hyttetur til Jølster i helga. Ei rein hobbyhelg, så no rekna eg med det blir kortproduksjon i massevis ;) Gleda meg masse :)

Hehe må legge ut eit bilde av Mac igår, John hadde funnet seg ein kjærlighet på pinne, og Mac blei heilt tullete og skulle ha den kjærlighet på pinnen. Det smakte visst veldig godt ;)

Kan eg få smake litt, vær så snill...
Nam ditta va godt og eg får tom lov til å sleike...
Ha ein flott torsdag og helg :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...