lørdag 10. mars 2012

Rabalder...

Var det dagen starta med her idag... Det lyna og tordna noko voldsomt, men så skinte det opp. Og det blei flott vårvêr :) Eg og Mac tok oss ein fin tur, og Mac var lykkelig som kunne få løpe laus. Vi gjekk mot Uførefjellet idag, men usj kor vått det var der...
Herlig turvêr :)
Mac fant seg ein damm og måtte jo bade...
Koser seg :)
Full fart :)
Blink, blink
Mac hjelper til å rydde etter Dagmar... ;)
Når vi kom heim att frå tur, var det litt husarbeid som stod for tur og matlaging. Ikveld blei det John-André sin spesialgryte/wok. Han lagde det for lenge sidan til meg og det blei ein favoritt frå mi side... Så no er eg mett og god og helgefreden kan senke seg :) Stearinlysa er tent og eg har tenkt å sette meg ned å berre slappe av.
Koselig med levande lys
Måtte kjøpe ein bukett med roser idag :)
Igår fekk eg laga ferdig eit julekort og, best å begynne tidlig på den produksjonen ;)
Då skal eg sette meg ned i sofaen og slappe av og nyte kvelden litt. Kanskje eg skal finne fram eit handarbeid :) Eg har lurt på å om eg skal strikke meg ein puff, men burde slå fra meg den tanken med ein gong... Har visst nok prosjekt på gang om eg ikkje skal begynne på enda eit.. Ha ei fortsatt fin helg og hjertlig takk for titten :)

3 kommentarer:

  1. Så koselig med tur da :)
    Jammen godt vi slapp unna slik bulder, for jeg liker overhode ikke den slags...
    Likte veldig godt lysfatet ditt altså :))
    Du er jammen tidlig ute med produksjon av julekort, men det er sikkert lurt :) Jeg burde nok også ha satt i gang veldig snart, men jeg finner overhode ikke kreativiteten igjen :(

    Ønsker deg en fortsatt god helg, og en kjempe flott søndag :)

    Klem

    SvarSlett
  2. Tykkjer du er veldeg flink til å komme deg ut i naturen med Mac.
    Har alltid syns at naturen har sin eigen melodi ein kan danse etter og som gjer godt i hjarte.
    Det er i naturen ein finner rytmen til harmoni og fred.

    SvarSlett
  3. Takk for det Nina, blei litt fornøyd sjølv med det lysfatet :)Hehe ja best å vere tidlig ute ;) Håpa du snart får kreativiteten tilbake...

    Ja Åsemor, å komme seg ut i naturen er terapi for kropp og sjel :)
    Tusen tak for kommentarane :) Klem

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...