lørdag 11. april 2015

Tubesokk til baby

Eg gjere på ting eg ikkje kan... Ei venninne sa ho kunne tenke seg tubesokk til jenta si... Jaha, eg som ikkje kan strikke sokka skikkelig... Men det såg jo ikkje så innvikla ut... Men jammen streva eg før det gjekk eit lys opp for meg. Veit ikkje kor mange ganga eg måtte rekke opp før eg skjønte ka eg gjorde feil...


Så med hjelp frå internett, og at eg til slutt skjønte ka eg skulle gjere blei to sokkepar strikka i påska. Så får eg håpe dei passa...

Sokkane er strikka med Du store alpakka, BabySilk. Den er av 80 % Baby Alpakka og 20 % Silke
Oppskrifta fant eg her
Påskesyssler
Det blei ikkje tid til så masse anna enn strikking denne påska. Meg eg fekk no begynt på boka eg kjøpte på ferie i fjor :) Ha ein fin dag, takk for titten.

3 kommentarer:

  1. Du Annelen overraska meg stadig vekk :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe ja blir nesten litt overraska sjølv og ;)

      Slett
  2. Du klare det meste kjære flinke deg

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...