fredag 16. september 2016

Fjelltura

Eg har visst glømt å fortelle om dei to fjellturane eg hadde i sommer :) Eg fekk utforske ein ny topp i strålande sol og ein eg har gått 1 gang før i plask regn...
Blånip 1021 moh i Eikefjorden har stått på lista over toppa eg har lyst på. Endelig kom eg meg opp. Eg og Mac gjekk frå rasteplassen i Eikefjorden til Hovlandstøylen-Nipevatnet og opp til Blånipa. Va no jammen litt bratt eit stykke opp til Blånipa... Men ein flott tur var det :)
På vei opp blånipa

Nipevatnet


Hyggelig oppmuntring :)

Endelig oppe

Blånipa


Middagsnipa blei og besøkt i sommer, det blei ein regnfull tur... Var opplett heilt til vi kom opp til toppen, men då opna alt seg...
Mac er klar for ein fjelltur

Strandastøylen

Her er vi komt til Strandastøylen. Då er det ikkje så langt att til vi kom opp til Middagsnipa.

Litt bilder blei tatt før regnet plaska ned


Det regna så voldsomt at eg tok nokre raske bilder for å forte oss nedatt til bilen... Godt mobilen tåler vatne ;)
Godt med sko og kle som tåler regn...
Trur til og med Mac var glad når vi kom oss i bilen. Denne sommeren har ikkje akkurat vist seg frå si beste side her på Vestlandet... Men det kan jo sjå ut som om høsten skal bli fin. Har hvertfall begynt bra :)

Dæ ønsker eg alle ei riktig så god helg. Her går eg jammen mot jobbehelg att... Takk for titten :)



1 kommentar:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...