lørdag 13. august 2011

Ein liten fjelltur :)

Idag var det eit nydelig vær og eg bestemte meg for at vi skulle ta oss ein tur, målet var Strandanipa, men den klarte eg ikkje å finne.
Neste gang skal eg gå frå Hovlandstøylen, og då finn eg den nok. Idag parkerte vi ved ein fraflytta gård på Tonheim. Mac var lykkelig over at det endelig blei fjelltur att, og han oppførte seg eksemplarisk overfor sauane idag. Han kom ikkje med ein lyd. Når vi kom heim blei det soling på terrassen for matmor :)
På vei opp
Sauane vi møtte på følgte spent med på ka vi skulle finne på :)
Mac har lyst å hilse på dei:)
Sidan skilte sa Kvile, fant eg ut at ein pust i bakken gjorde seg. Mac var ikkje like enig
Meir utsikt
Her ser ein Hatlesetnipa :)
Mac, snill og lar "mamen" ta bilde :)
Nesten komt nedatt :)
Ønsker alle ein flott lørdagskveld. Får vel gjere noko fornuftig og idag ;)

3 kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...