søndag 7. august 2011

Mannekort- easel card

Mannekort er ikkje lett å lage synst eg, men det er jo av og til ein må lage det og. Dette blei laga sist helg. Kortet er til min bror som har hatt bursdag, litt seint. Men bedre seint enn aldri ;) Valget falt på easel card, har fått heilt dilla på denne teknikken. Og ikkje noko vanskelig å lage :)
På dette kortet har eg brukt bazzill kartong svart og litt usikker på den andre (muligens vanilje). Mønsterark er Scrapbook walls: Black open dot og 7gypsies: Paddington paper: Black friars.
Stempel er frå Inkido (Hurra) og kreativ hobby (gratulerer) og stempelputa er StazOn: Stone grey.
Pynt: Tau, kjede fra kort & godt, hjerte charm med teksten brother frå kuttut og hinge clip fra Jim Holtz.
Tauet er festa med stiftemaskina. Og Hurra har fått 3D limputer under seg.


Planen var egentlig å bruke denne helga til kortlaging, men har endå ikkje komt igang. Igår var vi jo på sommerrevyen. Og idag virker det som om det berre blir ein sløve dag... Ha ein fortsatt fin søndagskveld :)

4 kommentarer:

  1. Åhhh det kortet her er bare sååå knallstilig! Mannekort syns eg og er vanskelig å lage, men her har du skutt blink! 10 poeng :-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...