søndag 18. september 2011

Liten tur i fjellet ;)

Idag var det eit nydelig vêr igjen her i Florø.Då måtte jo eg og Mac ta oss ein liten tur i fjellet. Den blei litt lengre enn eg hadde tenkt. Målet var Nipevatnet, men når vi kom opp dit fant vi ut at vi skulle gå litt lengre. Når vi snudde for å gå nedatt, trur eg det var varden til Blånipa eg såg. Men vi gjekk ikkje dit idag, men det får bli vårt neste mål :)
Turen idag tok ca 6,5 time tur/retur. Det var sol og fint, men ein kald vind. Så no er eg veldig sliten og det virker som om eg har klart å slite Mac ut og ;) Så inatt tenker eg vi skal sove godt begge to ;) Litt bilder frå dagen idag :)
Mac er fornøyd :)
På vei mot Nipevatnet
Mac måtte ha seg ein dukkert i Nipevatnet
Kjempeflott utsikt lengre oppe
Varden til Blånipa??
Kjempeflott utsikt, på vei nedatt

Det var dagen idag, etter vi kom heim har eg berre sløva. Og eg føla eg fortjener det ;)
Ha ein fortsatt fin kveld

1 kommentar:

  1. Du har gått mange fine turer i fjellet i år i saman med Mac. Det tykkjer nok han om.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...