tirsdag 11. oktober 2011

Julekort :)

Då kom eg litt igang i helga og fekk laga eit julekort og eit bursdagskort. Og igår var eg og scrappa ilag med ei og då fekk eg jammen laga enda eit julekort :)
Eg prøvde meg på ein ny bretteteknikk i helga, Tri shutter kort, va ikkje så vanskelig. Så den teknikken vil eg nok prøve igjen.

På lørdag var det flott vêr her, men når eg gjekk ut på terrassen vår såg eg at snøen var komt på fjelltoppane. Så eg får håpe på fleire godvêrsdaga, slik at eg og Mac kan ta oss nokre tura til før det kjem så mykje snø :)
Snøen er komt på toppane
Av og til er Mac ei linselus ;)
Her er julekorta eg har laga :)
Tri shutter kort

På detter kortet har eg brukt:

Bazzill : Vanilje
Mønsterark: Papirdesign, Julens gleder
Stempel: God jul er frå kreativ hobby, det runde er eg usikker på kor er frå.
Annet : Blomster, perler, charrms. Kantane er sverta med Distress Ink. Har og brukt Spellbinders Nestabilities, classic ovals large og classic scalloped ovals large
Mal fant eg HER :)

Neste kort er laga med hjelpe av Snuppa, eg sleit med inspirasjon og ho sendte nokre bilder av flotte julekort ho hadde sett. Eg har ein del fine mønsterark med flotte motiv på, og synst dei er vanskelig å bruke på kort. Men så såg eg det bilde og tenkte at det må eg prøve :) Her er det:
På dette kortet har eg brukt :)
Bazzill: Fawn og Walnut
Mønsterark: Pion design Väntan på Tomten II
Stempel: Frå kreativ hobby
Annet : Tyll, perlestreng og hjerteperler frå kuttut, blomster. Kantane er rufsa og sverta og eg har brukt Stickles "Star dust" rundt kantane. God jul har eg brukt 3-D puter på.

Då ønsker eg alle ein flott tirsdag:)

2 kommentarer:

  1. Flotte julekort du har laget!

    Fant bloggen din gjennom scrappeland, så måtte innnom å titte på!

    God helg til deg!

    SvarSlett
  2. Tusen takk. Så hyggelig at du tok ein titt :)
    God helg til deg og :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...