onsdag 4. juli 2012

Halbrendsnipa (801moh)

Idag kom eg og Mac oss endelig på fjelltur att. Idag gjekk vi ilag med ei på jobben min. Vi hadde ein flott tur. Det var litt gjørmete, men pytt pytt, turen var kjempefin :) Vi parkerte ved Reset og gjekk derifrå :)
Det er første gangen eg gjekk her, så var litt spent. Forma mi var aldeles ikkje på topp, så det er visst berre å komme seg meir i fjellet ;) Men kan gjerne gjenta denne turen :) Målet får vere å komme seg opp på alle byfjella i Førde ;)
Vi går og vi går :)
Hafstadfjellet :)


Mac e veldig fornøyd med at vi kom oss på fjellet att :)

Vi er komt opp :)

Utsikta ned til Førde :)

Mac fant seg ein snøflekk og måtte jo kose seg litt med den ;)
Når vi kom opp blei det ei lita matpause og få i oss litt drikke. Mac klarte til og med og lure til seg litt mat frå Vigdis ;) Det er ikkje alltid like lett å motstå desse augene hans...

Flott utsikt :)

Du og disse bilda...

Kanskje litt sliten ???
Nei det skal vel meir til for å sliten han ut, han var hvertfall ikkje sliten når vi kom til vetrinæren for å få vaksina si...
Takk for ein kjempeflott tur :) Og takk for titten, ønska alle ein riktig så flott torsdag :)

2 kommentarer:

  1. Er begeistra for å vera med visuellt på disse fine turane du og Mac har.Hadde mange ganger tenkt å ta turen på Halbrendsnipa mens eg arbeide i Førde,men fekk liksom ikkje tida til å strekke til.No har eg fått vera med litt i alle fall:)

    SvarSlett
  2. Så hyggelig at du lika turane :) Og takk for så fine kommentara du kjem med :)DEt var ein veldig fin tur dette her :) Klem

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...