lørdag 25. august 2012

Ferien er begynt :)

Vel er fire veker sidan ferien begynte og no nærma det seg slutten, på mandag er det tilbake til virkeligheten. Men det skal no bli godt å komme tilbake på jobben og. Eg hadde planlagt å gå nokre fjelltura i ferien min, men det blei ikkje heilt som planlagt... Men har hatt ein flott ferie :) Den første veka gjekk vekk i berre avslapping og litt rydding.... Og gjekk og gleda meg til den 6 august :)

Når endelig datoen kom, var det å komme seg tidlig opp. Eg og Monica skulle nemlig til Bikuben, Strømmen. Vi reiste med første fly til Oslo, direktefly, men jammen måtte vi innom Førde for å hente nokre folk der... Når vi endelig kom til Gardermoen, var det å ta flybussen til Oslo og vidare med tog til Strømmen. Vi kosa oss kan du tru :) Vi kunne ikkje komme oss fort nok fram ;)
Endelig, snart framme :)

Bikuben ♥
Vi var jo her i fjor og, men allikavel var det mykje å sjå. Men vi klarte å bli ferdig før dei stengte denne gangen ;)
Handlekorgene våre blei etterlatt for seg sjølv mange ganger ;)

Då var det tid for og betale for herligheten ;)

Gul sykkel utafor Bikuben og vi er klar for litt mat :)
Vi fant ut at vi måtte ha litt mat før vi reiste tilbake til Oslo for å finne hotellet vårt
Godt med litt mat :)
Så rusla vi litt rundt på handelhuset på Strømmen og så klart rakk vi ikkje toget... Så vi måtte stå og vente ei stund på det. Når vi hadde slappa av litt på hotellet, var det ut for å få oss litt middag. Vi gjekk ned til Aker Brygge. Og fant ut at vi skulle unne oss noko godt, så det blei Big Horn Steak House, nam nam...
På vei mot Aker Brygge
Koser oss
Det blei biff til middag og noko godt i glasset, og vi kunne ikkje avslutte uten ein god dessert :) Så var det å avslutte kvelden og gå tilbake til hotellet. Eg og Monica pleier alltid og ligge å tyte før vi sovna, trur ikkje vi har vore så stille på tura vi har hatt før. Vi sovna så og si med ein gong...
Dagen etterpå skulle vi ta siste flyet heim, og vi var og åt frukost på hotellet og sjekka ut. Vi gjekk rundt og kikke i Oslo og jammen gjekk klokka fort... Plutselig var det tid for å reise til flyplassen.. Tusen takk for ein super tur snuppa, gleda meg alt til neste tur ♥

Men før vi avslutta turen, bestemte vi oss for at vi måtte få til ein liten hobbydag så snart som mulig, vi som hadde kjøpt så masse flott. Fredagen 10. August blei det ein hobbydag, eg fekk begynt på ei albumside som eg gjorde ferdig i løpet av helga :) Det er frå ein ferietur til Kypros 2008, jammen på tide eg begynner på bilda...
Albumside frå Kyprostur 2008
 Har brukt:
Bazzil: Grønn og blå, huska ikkje navnet på den
Mønsterark: Er kit frå A Boy`s Life av Echo park paper, trur dei heiter  Energetic og Rambunctious.
Anna : Alfabet frå A boy`s life Echo park paper, knapper, tau, together er frå My mind`s eye og dymomaskina mi :)
Så blei det ein liten ferietur på meg og John, ikkje planlagt, men fin blei den. Det får eg blogge om litt seinare.
Ha ein flott lørdag og helg, og takk for titten :)

1 kommentar:

  1. Du verden så kjekt det ser ut med jentetur og opplevingsferi. Du er så flink å blogga Annelen. Ein oppleving å lesa den kvar gong.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...