søndag 26. august 2012

Ferietur

Plutselig blei det bestemt at vi skulle ta oss ein ferietur, dette blei planlagt i løpet av helga og mandag 13. august om kvelden satte vi oss i bilen for å ta vår første bilferie ned til Europa... Litt skummelt og veldig spennande... Vi begynte å kjøre ca kl 21.30 og første mål var å komme seg til Larvik for å rekke hurtigferja til Color Line til Hirtshals som gjekk kl 08 den 14. august.
Trøtt før vi begynner ;)

Komt oss på ferja og koser oss :)
Ferja tar ca 4 tima og når vi kom til Hirtshals var målet og kjøre til tyskland og finne oss ein campingplass og sette opp teltet vårt. Men først måtte vi skifte lyspære i eine baklyset vårt, som vi gjorde i Hirtshals. Vi hadde og ein liten tur på Aalborg kjøpesenter. Så satte vi kursen mot Tyskland. Vi var flinke til å ta mange pauser og det gjorde godt :)
Pause må til, masse vindmøller på vår vei
Huska ikkje ka det heiter der vi la oss første natta... Dei tok ikkje Visa, så vi måtte kjøre for å finne ein minibank. Og det var ikkje så lett, men til slutt fant vi ein. Og vi kjøpte oss mat hos ein koselig mann. Når vi endelig kom tilbake til campingplassen var det mørkt, men det gjekk over all forventning å sette opp teltet i mørket. Vi brukte alt lys vi hadde ;) Og telte stod når vi stod opp dagen etter og. Vi var klar kl 08 vi, så då var det å få i seg litt frukost og slappe av litt. Tok ned teltet og vi var klar for å sette kursen mot Polen og Krakow.
Snart komt til Berlin
I Berlin av alle plasse fant John ut at han skulle finne eit kjøpesenter, jammen bra vi hadde ein god GPS som viste vei. Eg var veldig glad når han sa, nei eg trur vi finner eit kjøpesenter ein anna plass. Men han var no flink inne i Berlin... Så kom vi oss til grensa til Polen :)

Men enda var det eit stykke å kjøre til hotellet. Vi skulle no komme fram i ei skapelig tid, men når GPS endelig sa vi var framme, skjønte vi at dette ikkje var hotellet. GPS fant nemlig ikkje adressa til hotellet. Så då var det å styre litt, vi fant ikkje tlfnr til hotellet (huske til neste gang, ha med tlfnr til hotell...). Men vi er jo så heldig å ha internett på mobilen og til slutt fant vi nr... Så var det for den stakkars dama i resepsjonen og prøve å forklare veien for oss. Vi visste ikkje kor vi var og stakkars dama visste no hvertfall ikkje kor vi var... Vi kjørte att og fram, forklarte skilt ka som stod på dei, men ingenting hjalp... Men til slutt hørte vi eit lettens sukk frå resepsjonsdama, no visste ho kor vi var og klarte heilt fint å fortelle kor vi skulle kjøre. Plutselig såg vi det palasset, endelig skulle vi komme oss på hotellrommet... Vi skulle vere framme i 23 tida, men kom ikkje fram før nærmare 0.30.... Vi bestillte frukost på rommet til morningen, orka ikkje tanken på å rekke ned til eit klokkeslett...
Rommet vårt :)
Vi hadde fått ei god nattesøvn, god frukost på rommet og John tok seg bobblebad som vi hadde på rommet. Vi kosa oss og var klar for ein ny dag med nye opplevelser :)
Hotellet, Paszkowka Palace Hotel
Hotellet låg ca 30 minutter frå Krakow, det gjorde jo ingenting sidan vi hadde bil med oss. Vi fekk oppleve masse sidan vi kjørte sjølv, fekk sett ein del av nærmiljøet :) Når vi var i Polen var vi i Auschwitz, Birkenau, Saltgruvene og sightseeing i Krakow. Dette vil komme i eget innlegg. No får eg avslutte for denne dag. Ha ein flott søndag og takk for titten :)


3 kommentarer:

  1. Så flink du er å fortelle og forklare :) Kjempeartig å lese! Mye jeg har glemt av det som skjedde på turen som du husker her :D

    SvarSlett
  2. Åsemoren og papen.27. august 2012 kl. 11:07

    Vi har lese turbloggen med stor intresse,og er storleg imponere over kva de klarer å finne fram til.Fine bilde og reiseskildring, gleder meg til fortsetinga:)Takk for du/de deler turen med oss:)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...